Fyrverkeri

Det er ikkje tillatt å senda opp fyrverkeri til andre tider enn på nyttårsafta frå kl. 18.00 til kl.02.00. Utanom dette tidspunktet må det søkjast om særskilt løyve på førehand.  

Råd og reglar

  • Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid. 
  • Les bruksanvisinga nøye før bruk. 
  • Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  • Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta. 
  • Bruk tennstav.
  • Bruk vernebriller. 
  • Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
  • Ikkje tenn på fyrverkeri på ny dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
  • Hald god avstand til oppskytinga. 
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

På nettsida sikkerhverdag.no kan du lesa meir om fyrverkerireglane. 

Søknad om løyve til avfyring av fyrverkeri

Dersom du ynskjer å senda opp fyrvekeri utanom nyttårsafta mellom kl. 18.00 - 02.00 må du søkja til brannvesenet og politiet om det. Det vert kun gjeve løyve til å avfyra markfyrverkeri klasse II og III. 

Søknad om avfyring må sendast brannvesenet seinast 3 veker før oppskytinga skal finna stad. 

Skjema - Melding om oppskyting av fyrvekeri 

Søknad om salg av fyrverkeri. 

Ønskjer verksemda di å oppbevara og selja fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve frå kommunen. Godkjenning for å lagra fyrverkeri blir gjeven for mengder til og med 500 kg. For større mengder enn dette må du ha godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Søknadsfrist er 30. april. 

Søknad om salg av fyrverkeri

Søknaden sendast til:

E-post: postmottak@bomlo.kommune.no

eller til

Bømlo kommune, brann og redning

Rådhuset, Leirdalen 1

5430 Bremnes

Har du spørsmål?

Ove Halleraker
brannsjef
E-post
Telefon 53 42 31 24
Mobil 415 61 144
Bjørn Hroar Sortland
avdelingsleiar førebyggjande avdeling
E-post
Telefon 53 42 31 22
Mobil 917 14 199
Til toppen