Søkja om ferdigattest/mellombels bruksløyve

Du må ha ferdigattest eller mellombels bruksløyve frå oss før du kan bruka det nye bygget ditt. 

​Kven kan søkja om ferdigattest/mellombels bruksløyve?

Normalt er det ansvarleg søkjar som skal søkja om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. I dei sakene der det ikkje er nokon ansvarleg søkjar så er det tiltakshavar som skal senda inn søknad.

Me skal etter søknad gje ferdigattest for alle søknadspliktige tiltak når vilkåra i plan- og bygningslova § 21-10 ligg føre. Me kan ikkje gje ferdigattest for byggjesaker frå før 1. januar 1998, jamfør plan- og bygningslova § 21-10 femte ledd.

Det er fire unntak som ikkje treng ferdigattest:

  • Oppretting av ny eigedom, festegrunn eller arealoverføring etter plan- og bygningslova § 20-1 fyrste ledd bokstav m.
  • Mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg som er nemnd i plan- og bygningslova § 20-2 fyrste ledd bokstav c som ikkje skal brukast til varig opphald.
  • Skilt- og reklameinnretningar der løyve er gjeve for eit bestemt tidsrom.
  • Mindre tiltak som er meldepliktige, men ikkje søknadspliktige etter plan og bygningslova §20-5. Hugs likevel at slike bygg skal meldast inntil kommunen straks dei er feridg oppført.

​Må du søkja om endring?

Om du har gjort mindre endringar i høve til byggjeløyve som du fekk og desse er så små at dei ikkje er søknadspliktige, må du likevel senda inn dokumentasjon som viser endringane du har gjort.

Dersom du har gjort så store endringar at dei ikkje er unnateke søknadsplikt, må du søkja om ei endring av løyve du hadde før du kan søkja ferdigattest eller bruksløyve.

Til toppen