Treng du førehandskonferanse?

Ynskjer du rettleiing før du skal søkja, så kan du få hjelp av oss i teknisk kundetorg. Alternativt kan du avtala eit møte eller førehandskonferanse med oss. Har du allereie ein søknad til handsaming hjå oss, ta kontakt med sakshandsamaren din. 

Kva er ein førehandskonferanse?

Ein førhandskonferanse er eit formalisert møte mellom deg som tiltakshavar og oss, sakshandsamar i kommunen. (tiltakshavar = byggherre/du som skal byggja) 

I møtet vil me prøva å avklara og drøfta føresetnadane for eigedomen din i høve til det du ynskjer å gjera. Førehandskonferansen skal sikra at du får den informasjonen du treng tidlegast råd.

Kva tid bør du be om førehandskonferanse? 

  • mest hensiktsmessig når det er behov for planavklaringar eller når det skal planleggjast større byggjeprosjekt

Alternativt kan du få ein uformell orientering via tenestene me tilbyr i teknisk kundetorg og elles på nettsida vår med ulike rettleiarar og kart.

Av og til vil kommunen sjølv be om førehandskonferanse med deg. Dette kan vera om me meinar det er naudsynt å avklara tilhøve i god tid før søknaden vert sendt inn. 

Når me har mottatt di bestilling av førehandskonferanse, vil du bli kontakta av oss innan to veker med forslag til møtetidspunkt. Skal du nytta deg av eit ansvarleg føretak, tilrår me at dei er med på førehandskonferansen. 

Førehandskonferanse er gratis - Du kan bestilla førehandskonferanse her.

Meir informasjon om føresegnene om førehandskonferanse finn du i plan- og bygningslova § 21-1 og byggjesaksføreskrifta (SAK10) § 6-1 med rettleiing

Treng du kanskje berre ein søknadspakke? Informasjon om søknadspakke finn du her 

Eller er du framleis i tenkjeboksen? Då rådar me at du nyttar deg av direktoratet for byggkvalitet sine rettleiarar.

Telefon teknisk kundetorg: 53 42 30 30 eller 480 29 044

Opningstid: kl. 09.00 til kl. 14.00 med matpause kl.11.30-12.00. 

Stengt onsdagar

 

Til toppen