Byggjeavstandar

Når du skal føra opp eit tiltak er det fleire krav som lyt følgjast, eit av dei er krav om avstand til mellom anna offentleg veg, offentlege straum-, vatn- og avlaupsleidningar, sjø, nabogrense og andre bygningar.   

Nedanfor finn du ei oversikt over ulike tilhøve som kan vera relevant å sjekka avstand til dersom du ynskjer å føra opp eit tiltak på eigedomen din. 

Før du går vidare er det viktig å setja seg inn i desse to begrepa:

  • begrepet avstand er definert som følgjande "Avstanden måles som korteste avstand horisontalt mellom byggverkets fasadeliv og nabobyggverkets fasadeliv eller nabogrense. Dersom byggverket har utstikkende bygningsdeler økes avstanden tilsvarende det bygningsdelen stikker mer enn 1,0 meter fra fasadelivet", sjå byggteknisk forskrift, kapittel 6, § 6-3.
  • begrepet byggverk er ein samlenemning for alle former for tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova, ikkje berre bygningar. Plan- og bygningslova §29-4 rettar seg mot byggverk.

 

Til toppen