Kvar kan du få tak i naboliste?
Du kan finna ut kven naboane og eventuelt tverrbuarane din er ved å bestilla eigarliste/naboliste. Det er fleire som tilbyr denne tenesta. Tenesta er gebyrbelagt.
Desse tilbyr eigarliste:
Kven skal du varsla?
Når du har samla alle dokumenta du treng i byggjesøknaden din, må du varsla naboane dine.
- alle eigarane og festehavarane av nabo- og tverrbuareigedomar.
- naboeigedom er dei som grenser direkte til eigedomen sin.
- Tverrbuareigedom er eigedom som ikkje grensar direkte til eigedomen din, men er skilt med veg, gong- og sykkelsti, elv eller anna areal.
- er det fleire eigarar av ein eigedom? Då må alle få eige varsel.
- du må varsla sjølv om naboeigedomen er ubebygd. Du treng ikkje varsla leigetakarar eller leigebuarar.
- er naboen eit sameige eller burettslag med styre? Då må du varsla styre, men du treng ikkje varsla dei som bur i sameiget eller burettslaget.
- er nabo ein kommunal eigedom, må du også varsla kommunen.
- ver merksam på at om du skal riva noko, må du varsla kreditorar og andre som har pant i eigedomen.
- dersom fleire blir råka av tiltaket, kan me i kommunen krevja at også desse skal få nabovarsel.
Du treng ikkje varsla dersom du skal gjera mindre arbeid som ikkje råkar naboen, til dømes tiltak unnateke søknadsplikt eller reparasjon av pipe/eldstad.
Kva skal nabovarselet innehalda?
- ei skildring av kva du har tenkt å gjera. Du må vera så tydeleg at naboar og tverrbuarar kan vurdera om tiltaket ditt får konsekvensar for dei.
- den same dokumentasjonen som følgjer i søknaden. Det du opplyser om i nabovarselet er kopi av det du har ført inn i hovudsøknadsskjema, teikningar og situasjonsplan.
- dersom tiltaket krev dispensasjon så skal dette opplysast om i nabovarselet. Legg ved kopi av dispensasjonssøknaden.
- du må oppgi ein frist for når og korleis du vil motta eventuelle merknadar frå naboane og tverrbarane. Fristen må vera på minst 14 dagar etter at nabovarselet er sendt.
Manuelt skjema 5154 - Nabovarsel - skjemaet som skal sendast til naboar og tverrbuarar med informasjon om kva type tiltak du skal søkja om.
Manuelt skjema 5155 - Opplysningar gjeve i nabovarsel - skjema som skal sendast til kommunen -informasjon som du har gjeve naboane og tverrbuarane dine om tiltaket.
Digital nabovarsling
Me tilrår at du fyller ut hovudsøknadskjemaet for tiltaket og båe nabovarsel- og opplysningar gjeve i nabovarselskjema samtidig. Det er då enklare å halde oversikta.
Slik kan du varsla naboar og tverrbuar:
Alternativ 1 - Personleg overlevering. Om du leverer nabovarselet på døra, kan naboen signera med ein gong på at dei har motteke varselet. Om naboen ikkje har innvendingar, kan dei samstundes signera på at dei samtykkar til byggjeplanane.
Alternativ 2 - Senda på e-post eller sms. Varselet er berre gyldig om mottaker stadfestar at varsel er motteke. Eit utomatisk svar er ikkje nok. Båe kopi av utsendt e-post eller sms med tilhøyrande svar skal sendast kommunen som kvittering.
Alternativ 3- Senda rekommandert. Få Posten til å kvittera for kven du har varsla, og svarfristen byrjar å gå frå datoen på kvitteringa. Naboen treng ikkje svara.
Alternativ 4 - Senda digitalt via AltInn. Svarfristen byrjar å gå frå datoen du sender varselet. Naboen treng ikkje svara.
Hugs at du kan kombinera dei forskjellige måtane å varsla naboane og tverrbuarane dine på.
Du har sendt ut nabovarselet, kva no?
Vent 14 dagar. Du må venta i 14 dagar før du sender inn søknaden. Dette er fordi naboane skal få tid til å setja seg inn i planane dine, og kunna koma med merknader. Du slepp å venta dersom alle naboane har stadfesta at dei samtykkjer til tiltaket.
- Ingen merknadar frå naboen? Då kan du senda inn søknaden til oss. Legg ved kvitteringane som viser at alle naboane og tverrbuarane har blitt varsla, og ein kopi av nabovarselet med alle vedlegg. Har du nabovarsla via Altinn held det med kvittering på at du har sendt varselet.
- Har nokon gitt merknader? Vurder ut frå merknadene om du bør:
- endra tiltaket og varsla alle naboane og tverrbuarane på nytt.
- senda inn søknaden slik den er, med alle merknadar, samt dine svar til kvar enkelt merknad.