Treng du søknadspakke?

Søknadspakken er eit tilbod til deg som ynskjer at me skal senda deg informasjon, relevante skjema, kartgrunnlag, føresegner, naboliste med meire når du skal søkja om til dømes bygging, eigedomsdeling og utslepp.

Me har laga til skjema for bestilling av både liten og stor søknadspakke som du kan nytta deg av. 

Søknadspakker
Type søknadspakke Innhald Gebyr Adm. gebyr
Liten Naboliste og situasjonskart. NB! Denne føreset kjennskap til skjema, arealplan og søknadsprosess. 240,- 80,- tilkjem pr leveranse
Stor Naboliste, situasjonskart, alle naudsynte skjema for ditt tiltak, arealplan m/føresegner, samt informasjon om søknadsprosess. 550,- 80,- tilkjem pr leveranse

Me tilrår at du bestiller stor søknadspakke dersom du ikkje er kjend med søknadsprosessen.

Bestill søknadspakke her  (PDF, 239 kB)

Ved innsending av bestillingsskjema:

Send inn bestillinga via e-post her 

Post- og besøksadresse: Bømlo Kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes

Dersom noko er uklårt i samband med utfylling av skjema, kan du ta kontakt med teknisk kundetorg. 

Når me har mottatt bestillingskjema for søknadspakken, vil du få tilsendt relevant informasjon, kart og skjema med meire frå den som blir din sakshandsamar. 

Telefon teknisk kundetorg: 53 42 30 30 eller 480 29 044

Opningstid: kl. 09.00 til kl. 14.00 med matpause kl.11.30-12.00. 

Stengt onsdagar

 

Til toppen