Feil i matrikkelen - Noreg sitt eigedomsregister.

Matrikkelen er Noreg sitt offesielle eigedomsregister. Registeret inneheld informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustadar og adresser. Nokre gonger er opplysningane som er registrert i matrikkelen mangelfulle eller feil.

Kven kan be om retting?

Eigar og festar kan krevja retting.

Korleis kan du kontrollera opplysningane?

Korleis krev du retting?

Du må dokumentera kravet ditt. Gjeld det eigedomsgrenser kan du leggja ved gamle dokument som skildrar grensene. Dette kan vera gamle skylddelingsforretningar og utskiftningskart, jordskiftesaker eller andre dokument som gjeld for eigedomen. Dersom rettinga gjeld for andre enn deg sjølv, som til dømes nabo, må du leggja ved dokumentasjon som syner at dei samtykkjer.

Skjema (PDF, 217 kB)

Hugs aktuelle vedlegg som til dømes:

  • Dokument som skildrar grenser
  • Kart
  • Bygningsteikningar

Saksbehandling

Me vurderer dokumentasjonen du har sendt inn og legg til opplysningar eller rettar feil i matrikkelen dersom me finn dette rett. Alle partar som dette har noko å seia for blir varsla av oss. 

 

Du kan klaga

Dersom du ikkje får medhald i kravet ditt om retting kan du klaga innan 3 veker frå du fekk avslag.  Skriv kvifor du klager. Dersom du ikkje får medhald i klagen din frå kommunen, vil klagen bli sendt til statsforvaltaren i Vestland for vidare behandling.

Dette kostar ikkje noko.

 

Lovar

Matrikkellova § 26

Matrikkelforskrifta § 10

Til toppen