Kor går eigedomsgrensa?

Korleis kan du sjekka kor eigedomsgrensa går?

Er du i tvil om kor eigedomsgrensa er? Me kan hjelpa deg å finna den.

Dersom grensa er oppmålt tidlegare kan me ved hjelp av landmålingsutstyr visa deg grensene. Om du ynskjer det set me ut nye grensemerkjer i terrenget.

Me kan og hjelpa å rekonstruera gamle grenser som ikkje er koordinatbestemt tidlegare. Dette kan vera grenser som er skildra i ein gamal skylddelingforretning eller jordskiftesak.

Korleis søkjer du?

Fyll ut søknadsskjema om grensepåvisning

Kva kostar det?

Klarlegging av eksisterande grenser
7.4 Klarlegging Grunnbeløp 1G = 3806 Sum
7.4.1 Klarlegging av eksisterande grense som er tidlegare koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.
7.4.1. Oppmøte inkl. 2 grensepunkt 0.7G 2 779 kr
7.4.2 For overskytande grensepunkt, pr. punkt 0.14G 556 kr
Ved klarlegging som vert utført i samband med grensejustering vert gebyret redusert med 50%.
Klarlegging av grense som ikkje er tidlegare koordinatbestemt/eller klarlegging av rettar.
7.4.3 Oppmøte inkl. 2 grensepunkt 0.9G 3 573 kr
7.4.4 For overskytande grensepunkt, pr. punkt 0.3G 1 191 kr
Dersom alle grensepunkta på førehand erfunne og avklara av involverte partar, vil det bli fakturert etter pkt. 7.4.1/7.4.2 Klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid.
Fører klarlegginga til eit ynskje om grensejustering og dette kan utførast i same oppmålingsforretning, vert det å betala 50% av gebyret i pkt. 7.4 for grensepunkt som inngår i grensejusteringa, i tillegg til gebyret i pkt. 7.3.
Klarlegging av eksisterande grense skal ikkje overstiga gebyret for frådeling av tilsvarande ny matrikkeleining.
Til toppen