Seksjonering av uteareal

Når du seksjonerer eit uteareal, vil areala bli tinglyst som tilleggsareal til seksjonane. Dette betyr at seksjonane får eksklusiv einerett til bruk av arealet.

Uteareal kan kun seksjonerast som tilleggsareal i grunnen til seksjonane. Eit uteareal åleina kan ikkje vera ein eigen seksjon med eige seksjonsnummer.

Seksjonering av uteareal kan gjerast i samband med ein søknad om førstegongsseksjonering, eller ved ein søknad om reseksjonering.

Dersom du kun skal gjera små justeringar av utearealet til ein eigarseksjon, kan du søkja om grensejustering i staden for reseksjonering. Dette føreset at:

  • det ikkje skal gjerast endring av eigarbrøken
  • arealet for dei involverte parsellane ikkje aukar eller minkar med meir enn 5 %
  • vilkåra for grensejustering er oppfylt, sjå matrikkelforskrifta § 34

Hugs:

  • Uteareal som alle seksjonar må ha tilgang til for naudsynt adkomst må vera fellesareal. Alle som eig ein seksjon skal ha høve til å koma fram til eigen seksjon frå fellesarealet.
  • Dersom felles stoppekran og felles sikringsskap er plassert utandørs, må dette arealet vera fellesareal.
  • Uteareal som er vedtatt som fellesareal i byggjeløyve eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til einskilde seksjonar. Desse må framleis vera fellesareal.

Du kan fordela uteareal slik:

Til toppen