Slå saman eigedomar

Ved å slå saman fleire eigedomer til berre ein eigedom, kan du få enklare og meir oversiktleg struktur på eigedomen din.

Kven kan søkja?

Eigar kan søkja om samanslåing av sine eigedomar.

Kva må til?

Du må senda inn søknad om samanslåing og oppfylla visse krav.

Eigedomane må:

  • liggja i same kommune og i hovudsak grensa til kvarandre
  • ha same eigarar med like eigardeler - alle må skriva under om det er fleire eigarar
  • ha ingen eller like hefter

Les meir på kartverket sine sider

Eigedomar kan ikkje bli slått i saman i strid med rettsleg bindande arealplan utan at det er gitt dispensasjon frå plan og bygningslova.

Meir om dispensasjon

Les om dispensasjon i Plan- og bygningslova.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å slå saman eigedomar, men det kan bli gebyr for tinglysing hos kartverket dersom du må ordna opp i ulike hefte.

Korleis går du fram?

Kontroller først - før du sender inn søknaden at:

  • alle som er eigarar har skrive under på søknaden
  • det ligg ved kartutsnitt som viser eigedomane som skal bli slått saman
  • det ligg ved stadfesting av at eventuelle som har bruksrett eller er festar er varsla

Søk på skjemablankett om samanslåing

Søk elektronisk om samanslåing

Send inn søknaden til:

Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES

Lovar

Matrikkellova § 18

Matrikkelforskifta § 43

Plan- og bygningslova § 19

Til toppen