Kartløysingar med informasjon om areal

Her kan du sjå linkar til eit utval offentleg tilgjengelege karttenerar som blir nytta i kommunen sin arealplanlegging. 

Plan, bygg og eigedom

Fonnakart.no
Syner reguleringsplanar og kommuneplanen sin arealdel. Den er også god til å syna eigedomsgrenser, bygningar, anlegg og tiltak. Frå kartet får du også tilgang til det digitale planarkivet viss du klikkar på planar i kartet. 

SePlan.no
Denne karttenaren er spesielt vinkla inn mot arealplanar. Det er noko enklare tilgang til det digitale planarkivet her, viss du klikkar på planar i kartet.

Alt-i-eitt

Fylkesatlas Vestland
Vestland fylkeskommune sin karttenar er ein god samling av offentlege kartdata i ein løysing som er enkel å bruka. Her kan du sjå det meste av plan- og miljødata, kulturminne, friluftsliv og landskap, landbruksdata, naturfarekartlegging og trafikkdata som trafikkmengd og støykart m.m. Karttenaren tilbyr også nokre teikne- og måleverktøy.

Natur- og miljøinformasjon

Gardskart
Dette er Norges institutt for bioøkonomi, NIBIO, sin framstilling av jordsmonn for ein eigedom. Her kan du sjå detaljert fordeling av arealtypar som dyrka mark, skog, myr osb. på ein gjeve eigedom. Bømlo kommune oppdaterer kartet fortløpande.

Kilden
Kilden er NIBIO sin generelle karttenar med fokus på naturinformasjon. Den har fleire funksjonar enn Gardskart, men kan ikkje syna den same detaljerte arealfordelinga på ein eigedom.

Naturbase
Her finn du Miljødirektoratet sin karttenar med fokus på naturinformasjon. Den har mykje same data som Kilden, men noko annleis oppsett.  

Sjøkart

Fiskeridirektoratet sine kart
Her er det samla kartdata om sjøareal og marin aktivitet. Her finn du sjøkart med oversikter på skipsfart, fiskeri, akvakultur og marint miljø og biomangfald.

Vannmiljø
Her finn du Miljødirektoratet sin karttenar med fokus på marint miljø og biomangfald. Den har mye av same data som Kystverket sine kart, men er meir fokusert på miljødata og er noko meir brukarvennleg. 

Kulturminne

Riksantikvaren sitt kulturminnekart
Eit godt og brukarvennleg kart over kulturminne i Noreg.

Vegkart

Vegkart.no
Vegkart er Statens vegvesen sin karttenar. Her kan du sjå vegar, få namn og oppdateringar om dei og elles sjå all kartdata vegvesenet sitt på.

Vær og klima

seNorge
Her kan du sjå historiske vær- og klimadata i kart.

Se Havnivå
Kartverket sin tenar som syner havnivå ved middels høgvatn og stormflo no, og framskrive havnivå i 2090.

Basiskart

Norge i bilder
Norge i bilder er den beste karttenaren for flyfoto. Her kan du sjå flyfoto frå alle tilgjengelege årgangar, sånn at du enkelt kan sjå utviklinga av eit område.

Norge i 3D
Tenesten krev litt tilvenning, men er eit godt verktøy for å sjå Noreg i 3D kart. Her er nyaste flyfoto nytta.

Norgeskart.no
Tilbyr basiskart, eigedomskart, faktaark om stadnamn, friluftskart med turplanleggjar m.m. Du kan teikna og måla i kartet samt laga høgdeprofilar.

Google Earth
Stilig og brukarvennleg kart over Jorda med 3D funksjonalitet, men med eldre flyfoto som grunnlag enn Norge i 3D.


 

Til toppen