Årsavgifta for 2024
Årsavgifta for feiing og tilsyn i bygningar med fyringsanlegg er 557 kroner inklusiv mva per år. ( 445,60 kroner eksklusiv mva)
Gebyrfritak
Føresetnaden for gebyrfritak er at eldstaden ikkje er i bruk. Feie- og tilsynsavdelinga kan føra tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk.
For å få fritak for feie- og tilsynsavgifta i Bømlo kommune må røykrøyret mellom eldstad og skorstein fjernast, og holet i skorsteinen murast igjen.
Når tilfredsstillande sikring er gjennomført skal det ikkje påleggjast gebyr. Det er eigar eller brukar av fyringsanlegget som har ansvaret for å gje feie- og tilsynsavdelinga melding om:
- at fyringsanlegget ikkje er i bruk.
- at ein ynskjer fritak for feiing.
- å tilpassa fyringsanlegget slik at det ikkje lenger kan nyttast for oppvarming.
Kva dekker avgifta?
Avgift for feiing og tilsyn dekkjer følgjande tjenester:
Feiing:
- varsel og gjennomføring av feiing av skorstein.
- opplysningar om tilstanden til skorsteinen.
- råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
- råd i saker som omhandlar piper/fyringsanlegg.
- førebyggjande brannverninformasjon.
Tilsyn:
- varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader.
- opplysningar om eldstaden sin tilstand.
- råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
- råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr.
- råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar.
- råd om rømingsvegar.
- råd om oppbevaring av brennbare væsker og gassar.
Fakturering:
- Avgifta vert fakturert i mars - forfall april i lag med eigedomsavgifta.