Leige av kommunal kai

Kortvarig bruk av kommunal kai er gratis, men skal du bruka kaien meir enn eit døgn eller to må du betala avgift til kommunen.

Dersom du vil bruka kommunal kai over ein periode, så skal dette vera avtalt med Bømlo kommune, Teknisk drift. Du vert då fakturert for bruk av kaien. Leigesatsane for bruk av kommunale kaiar finn du her:

Kaileige
Storleik Døgn Veke Månad
Båt under 30 fot 250 kr 450 kr 1300 kr
Båt 31-50 fot 450 kr 650 kr 1900 kr
Båt 51-70 fot 650 kr 850 kr 2500 kr

 

Ynskjer du å bruka hamneanlegga som Karmsund Havn IKS driftar for Bømlo kommune, så vert du fakturert for all bruk direkte frå Karmsund Havn IKS. 

Prisar - Karmsund Havn IKS

Til toppen