Din meining om reguleringsplanar

Her finn du reguleringsplanar som skal starta opp, og du finn ferdige framlegg til plan som er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. I begge tilfelle kan du påverka resultatet ved å gje ein skriftleg uttale.

Klikk her for å sjå kunngjeringar av reguleringsplanar.

Korleis uttalar eg meg?

Kommunen har eit eige nettbasert skjema for å levera skriftlege uttalar.
Klikk her for å få opp skjemaet for elektroniske uttalar

Du kan også senda merknadar med e-post til postmottak@bomlo.kommune.no, levera dei fysisk eller i posten til Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Merk at innspel til ein oppstartsvarsling skal du senda direkte til planleggjaren. Kvar enkelt sak vil opplysa om kven planleggjaren er og kontaktinfo.

I einskilde tilfelle kan det også bli arrangert møter med planeigaren, kommunen og interesserte.

Klage på vedtak av reguleringsplan

Etter høyring og offentleg ettersyn blir reguleringsplanen, om alt er i orden, fremja for endeleg vedtak. Når planen blir vedteken har dei som er part i saka (grunneigar, nabo) eller har rettsleg klageinteresse tre vekers klagefrist, før planen blir rettskraftig.

Kommunen har eit eige nettbasert skjema for å levera klager.
Send klage

Til toppen