Betre tverrfagleg innsats

Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Bømlo kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

I Bømlo kommune arbeidar me etter BTI modellen, som står for Betre Tverrfaglig Innsats, ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som har behov for støtte.

BTI-modellen skal bidra til at barn og familiar får hjelp tidleg frå eit samla tenestetilbod.

For å sjå korleis Bømlo kommune arbeidar i oppfølging av barn og unge, gå inn på BTI-handlingsrettleiaren

Her kjem du direkte til ei oversikt over tiltak og tenester for barn og unge i Bømlo kommune Tiltaksoversikt

Til toppen