Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) hjelper barn og unge som har behov for særskilt tilrettelegging i skulen eller barnehage og hjelper tilsette i barnehage og skulen med å legge til rette for det.

Kven kan få hjelp av PPT?

PPT hjelper barn og unge med særskilte behov. Eksempel på særskilte behov kan vere:

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar
     

Slik tilviser du til PPT

Foreldre, tilsette i helse- og omsorgstenesta, barnehage og skule kan tilvise (melde opp) til PPT.
Me oppmodar likevel at foreldre som tenkjer at barnet/eleven bør tilvisast PPT, fyrst tek kontakt med skulen/kontaktlærar eller barnehagepedagog som tek opp problemstillinga med sakshandsamar på PPT som er knytt til skulen eller barnehagen deira. 

Tilvising av skuleelevar  (PDF, 614 kB)         Tilvising av barn i barnehage (PDF, 637 kB)

Fyll ut skjemaet og send det til oss som:
 

Elektronisk post:
PEDAGOGISK-PSYKOPLOGISK KONTOR Organisasjonsnummer.: 973 939 041
(sikker elektronisk sending for personsensitive dokument direkte til vårt fagsystem).Ikkje epost. 

Brev til:
Barne- og familietenesta, PPT
Leirdalen 1
5430 Bremnes


Dersom du ønskjer å rådføre deg med ein av våre sakshandsamarar, ta kontakt med oss:

Pedagogisk Psykologisk Teneste
Besøksadresse: Idrettsvegen 87, 5430 Bremnes
Telefon: 53 42 33 30

Til toppen