Tenester:
Jordmorteneste
Helsestasjon 0-6 år
Helsestasjon for ungdom
Skulehelseteneste
Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)
Sosiale tenester born og unge
Førebyggjande tiltak barn og unge
Avlastningsbustaden for barn og unge
Beredskapsvakt for barnevern
Bømlo kommune har politiske føringar om å prioritera arbeidet med de yngste borna. Dette samsvarer godt med statlige føringar for tidlig innsats i barnehagar, skular, resten av det kommunale hjelpeapparatet og spesialisthelsetenesta for born og unge. Førebygging og tidlig intervensjon er et mål for å hindre utvikling av alvorlige vanskar.
For å nå dei borna som har behov for hjelpetenester synes det naudsynt med eit anna og breiare tverrfaglig samarbeid. 1. linje tenesta må vera i stand til å ta ansvar for tidlig identifisering, kartlegging og vurdering av barns vanskar og hjelpebehov. Dette samtidig som ein har kunnskap om kva tiltak som nyttar og kan setja inn tiltak, eller vise vidare.
Barne - og Familietenesta sin visjon er:
-
Born i Bømlo kommune er ikkje aleine, dei vert sett, identifisert og får rett hjelp av vaksne som tek ansvar
-
Rett teneste til rett tid og på rett stad
Ambisiøse målsetnader - som forpliktar. Me er nyetablert som fellesteneste, og har sjølvsagt mange forbetringspunkt. Hos oss vil likevel finne engasjerte tilsette som har mykje og brei kunnskap om barn og unge si utvikling og helse.
Ta gjerne kontakt med oss om du er usikker på kor og korleis du skal søkje hjelp frå ei av våre tenester. Sjå kontaktinformasjon under. Nettsida er under utarbeiding, så i tida som kjem vil skjema og meir informasjon om oss bli lagt til.
Tilsette (DOCX, 29 kB)
Organisasjonskart Barne- og familietenesta 2015
Barne- og familietenesta i Bømlo kommune har telefon, 53 42 33 30.
Besøksadresse: 2 etg. Bømlohallen, Idrettsvegen 87, Svortland.