Barne- og Familievern

Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) – er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad. Bømlo og Fitjar er samarbeidskommunar. Tenesta er eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 28b, med ei styringsgruppe og skal yta tenester til kommunane etter avtale. Kommunane sitt totale innbyggjartal er omlag 30.000.

Nettsida deira er her

SIB har i dag 18, 5 årsverk, og saman skal me forvalte alle oppgåver og område innan Lov om barnevernteneste i våre tre kommunar. Me er fordelt i ulike arbeidslag: leiargruppe, førebyggjande, undersøking, tiltak barn og ungdom, omsorg og merkantil. Tenesta har kontorstad på Leirvik, Stord, med tilgjenglege kontor og møtestader i Bømlo og Fitjar. Stord kommune er formell tilsetjingsstad.

 

Det er barn og unge i vår kommune som treng fosterheim!

(trykk for meir informasjon)

 

Her finn du SIB
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) har hovudkontor på Leirvik, i SKE bygget, 3. etg.
Besøksadresse er Lønningsåsen 1, 5417 Stord.
 
Kontakt:
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Postboks 326
5402 Stord
Telefon: 53 49 66 00
 

Barnevernet sin vakttelefon

97 55 21 63
Open vekedagar (måndag-fredag) 08.00-14.00

Alarmtelefonen for barn og unge

116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 - 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

 

Familievern   Les meir om Familievernkontoret her.

Kosestund - Klikk for stort bilete

Publisert av Linda Hellen. Ansvarleg /Date(1422486000000+0200)/. Sist endra 04.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering