Barnehagar i Bømlo kommune

Barnehagar - nytt toppbilde (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har åtte private barnehagar. Du finn heimesider og informasjon om den enkelte barnehage i høgremenyen på denne sida. Dersom du ynskjer plass til ditt barn i ein av våre barnehagar, sender du eit eksemplar av søknaden direkte til den barnehagen(ane) du ynskjer plass i. 

Søknad om barnehageplass


Rett til barnehageplass - § 12a i barnehagelova
"Det er kommunen sitt ansvar å fylla retten til barnehageplass. Kommunen må i dimensjoneringa av behovet for tal på barnehageplassar ta omsyn til barnehagen, vedtekter, tilflytting, ynskjer og behov for plassar over og under 3 år".

"Retten til plass frå august gjeld for barn som fyller 1 år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass".

Barnehagane våre har kontinuerleg opptak. I vår kommune har me sett søknadsfrist til 1. april det året føresette søkjer for å ivareta lovverket om kommunal rett. Kommunen er klageinstans. Kommunen bør difor dimensjonera planlegginga si med at ein har ledig godkjent areal, og at barnehagane dermed kan auka drifta ved behov.

Alle barnehagane i Bømlo er private, og kommunen har full barnehagedekking.


Reduksjon i foreldrebetaling på økonomisk grunnlag:
I forskrift om foreldrebetaling i barnehagar § 3 tredje ledd står det:

”Kommunen skal ha ordning som kan tilby fritak for eller reduksjon i foreldrebetaling. Foreldrebetalingen skal for første barn i barnehage utgjøre maksimalt seks prosent av husholdningens samlede personinntekt etter skatteloven kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt, og være begrenset oppad til maksimalgrensen for foreldrebetaling etter § 1. For andre, tredje og flere barn settes foreldrebetalingen i tråd med bestemmelser om søskenmoderasjon, til henholdsvis 70 prosent og 50 prosent av foreldrebetalingen for første barn.


Det søkes om reduksjon i foreldrebetalingen for ett barnehageår av gangen.


Søknaden skal inneholde det siste årets selvangivelse og skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikke er forhåndsutfylt. Dersom søker ikke kan legge frem selvangivelse eller ved vesentlig og varig endring i husholdningens inntekt i forhold til siste års selvangivelse, kan søker legge frem annen dokumentasjon for inntekt.


Som en husholdning etter tredje ledd regnes ektefeller, registrerte partnere og samboere. Som samboere regnes to ugifte personer over 18 år som bor sammen, og som har bodd sammen i et ekteskapslignende forhold i minst 12 av de siste 18 månedene, eller har felles barn. Bor et barn fast hos begge foreldrene, skal foreldrebetalingen beregnes ut fra inntekten til den forelderen som har samme folkeregisteradresse som barnet".



Reduksjon i opphaldsbetalinga vert ikkje gitt på ekstra betaling for kostpengar.


Det er to ordningar for reduksjon i foreldrebetaling for barnehageplass;
1) Grunnlag for å søkja om redusert foreldrebetaling
2) Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushald med låg inntekt. (Ordninga er utvida til også å gjelda 3-åringar frå 1. august 2016.)


Foreldre må sjølv søkje om gratis kjernetid / redusert foreldrebetaling. Søknad skal sendast på fastsett skjema til Postmottaket, Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.


Søknadsfristen for barnehageåret 16/17 vil vera 15. juli.


Kommunen vil i år ikkje vera i stand til å handsama alle søknader innan oppstart av barnehageåret. Søknader som er mottatt innan fristen vil ha verknad frå 1. august.


Søknader som kjem seinare enn søknadsfristen og søknader der  barn startar seinare i barnehageåret vil og bli behandla. Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid vil då gjelda frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet dersom all naudsynt dokumentasjon er lagt ved søknaden. Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid  vil ikkje ha tilbakeverkande kraft.



Informasjon om ordningane og krav til dokumentasjon som skal følgja søknadsskjema, samt
Søknadsskjema, rettleiing og rutinar ved søknad om reduksjon i foreldrebetaling barnehage finn du her >>> (DOCX, 65 kB)

Søknadsskjemaet kan fyllat ut elektronisk.


Friplass kan og verta tildelt med heimel i sosialtenestelova eller barnevernlova. Vend dykk då til NAV eller Barneverntenesta.  



Har du spørsmål om skjema, kontakt Bømlo kommune:

Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
Telefon:
53 42 30 00
Telefaks:
53 42 30 01

E-post:
postmottak@bomlo.kommune.no

Sist endra 31.01.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering