Førebyggjande tiltak barn og unge

Eit lågterskeltilbod for familiar med barn og ungdom som bur på Bømlo.

  • Er du bekymra for barnet ditt si utvikling?
  • Strevar du i foreldre rolla? Ynskjer du råd for korleis det kan bli lettare?
  • Ynskjer du hjelp til å kontakta andre i hjelpeapparatet - samarbeid med andre aktuelle tenester

Førebyggjande tiltak barn og unge er eit tverrfagleg team som tilbyr rettleiing og støtte til foreldre og barn med ulike typar utfordringar. Tilbodet hjå oss er gratis og frivilleg.

Be om hjelp

Foreldre og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå fastlege eller andre. Samarbeidspartnarar kan og formidla kontakt på vegne av familien eller ungdommen.

Fyll ut skjema for hjelp frå førebyggjande tiltak barn og unge (PDF, 2 MB)


Skjemaet sender du som brev til: 
 

Barne- og familietenesta

Førebyggjande tiltak barn og unge
Leirdalen 1
5430 Bremnes 

Har du spørsmål?

Gro Marita Våge Tulloch
avdelingsleiar sosiale tenester barn og u / koordinerande eining
E-post
Mobil 46 89 21 30
Til toppen