COS-P

COS-P (Circle Of Security Parenting) er eit foreldreveiledningsprogram med ei målsetjing om å fremja trygg tilknytning mellom foreldre og barn. Trygg tilknytning styrkjer barn og er ein viktig beskyttelsefaktor. Barn har bruk for trygge vaksne for å kunne utvikla seg på ein positiv måte. 

COS-P kurs skal støtta foreldre eller dei som jobbar med barn , til å forstå kvifor barn oppfører seg slik dei gjer, kva behov dei har og korleis dei kan møta behova på ein omsorgsfull og utviklingsstøttande måte.

I COS er den følelsesmessige og reflekterande delen av programmet viktigare enn å læra foreldrene teknikkar på korleis dei taklar barn si åtferd. Cos legg vekt på at alle foreldre har sine kampar og ting ein strevar med. Det vert jobba med refleksjon om kva dette egentleg handlar om, og på denne måten vert du som omsorgsgjevar gitt fleire val på korleis du ynskjer å løysa utfordringane.

  • Observera, tolka og møta barnet sitt behov
  • Hjelpa barnet å regulera eigne følelsar
  • Handtera situasjonar der barnet oppfører seg utfordrande
  • Takla eigen frustrasjon i møte med barnet

 

Aktuell aldersgruppe: 0- 12

Omfang:

I gruppe: 8 gonger à 2 t.,  tysdagar frå 17:00- 19.00 i Bømlohallen

eller Individuelt : 8 gonger à 1 time på dagtid.

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 03.12.2015
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 25
Mobil:
489 99 965
Tittel:
foreldrerettleiar
Bunnhjørne
Eining (1)
 
Login for redigering