SLT-koordinator

SLT.png - Klikk for stort bilete

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta.

 

 

  • Kva er dei største utfordringane for unge menneskjer i din kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsatt for å ende i enda større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

 

SLT-koordinatoren sørger for at kommunens førebyggande ressursar blir samordna mest mogleg effektivt.

 

SLT handlar om å leggje til rette for eit nært og godt samarbeid mellom de ulike instansar og profesjonar som er involvert i det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet. Eit hovudpoeng med SLT-modellen er at den leiingsforankra i både kommunen og politiet. Det er derfor den kallast ein samordningsmodell, ikkje ein samarbeidsmodell.

 

Dei færraste klarer å ha full oversikt over andre enn sine eigne fagfelt. Samtidig er tverretatleg kjennskap og samarbeid avgjerande viktig for at førebyggingsarbeid skal lykkast. Då er det ikkje nok med entusiasme. Det trengs ein struktur.

 

Derfor er det svært viktig å ha ein fast person som har oversikt over dei ulike aktørane. Ein som kan koordinere behov og ressursar, ein som kan fungere som eit bindeledd, pådrivar og inspirator i SLT-nettverket. Dette er SLT-koordinatorens rolle. Med ein fast SLT-koordinator sikrast også behovet for kontinuitet i eit nettverk der nokon kjem og nokon går.

 

Koordinasjonsarbeidet skal retta seg mot konkrete mål som er satt opp av det styrande nivået på øvste plan i kommunen. Det er derfrå SLT-koordinatoren får sitt mandat og sin myndighet. Dette er det viktig å synleggjere, særlig når koordinatoren må ta viktige avgjersler der ulike etatar har ulike syn på kva som skal prioriteras i rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet.

 

SLT-koordinatorens oppgåver kan variere stort. Fire nøkkelord kan uansett beskrive dei viktigaste:

1. Koordinere samordning

2. Identifisere problemområder

3. Initiere tiltak

4. Produsere kunnskap

 

SLT Bømlo Kommune

I Bømlo sit SLT-koordinatoren i Barne- og familietenesta sitt tiltaksteam og jobbar mellom anna med:

 

MOT-koordinator

Politiråd - Sekretær

Ungdomsrådet - Sekretær

Ungdata

 

SLT-koordinator Stian Olderkjær (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

SLT/MOT-koordinator: 
Stian Olderkjær
Bømlo kommune
5430 Bremnes
Tel.:  909 51 516
Epost: slt@bomlo.kommune.no
  

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 27.06.2016
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering