Ungdomskontakt /LOS

Som ungdomskontakt/LOS er me tilgjengeleg for alle ungdommar og foreldra deira fram til ein fyller 23 år. Me har fokus på ungdom som treng ekstra støtte i kvardagen, anten det gjeld utfordringar knytt til psykisk helse, skule eller rus. Tenesta er gratis og me har teieplikt.

LOS er eit tiltak knytt til skulefråvær. Dei som treng LOS får støtte til å auka skulenærværet, trivsel og meistring, der ein siktar mot betre skuleprestasjonar og auka gjennomføring i vidaregåande skule. Eit tett samarbeid mellom LOS, skule og heim er ei sjølvfølge når LOS er inne som tiltak.

Me samarbeidar tett med alle barne- og ungdomsskulane i Bømlo kommune og har fast tid der me er ute på skulane, der elevane sjølv og eller lærarane kan ta kontakt med oss dersom dei har spørsmål.

Kontakt ungsomskontakt/LOS:

Marianne Undheim
Mobil: 975 976 18
epost: marianne.undheim@bomlo.kommune.no

Inger-Lise Nord Waage
Mobil: 970 83 484
epost:inger.lise.nord@bomlo.kommune.no

Til toppen