Trygt og godt skulemiljø og Skulemiljøknappen

Opplæringslova §9A er elevane si "arbeidsmiljølov" og slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Du kan nytta Skulemiljøknappen for å melda frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Skulemiljøknappen

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra at elevane eit trygt og godt skulemiljø:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). Viss de ikkje er nøgde med skulen si aktivitetsplikt, kan de klaga til Statsforvaltaren (tidl. Fylkesmannen).

BTI er knytt til arbeid for godt skulemiljø

Til toppen