Feie- og tilsynsavgift

Feie- og tilsynsavgifta er rekna utifrå 4-års perioden for bustad og 6-års periode for fritidsbustad, men vert fakturert årleg. Den dekkjer følgjande tenester:


Feiing:
1. Varsel og gjennomføring av feiing av skorstein.
2. Opplysningar om tilstanden til skorsteinen.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Råd i saker som omhandlar piper/fyringsanlegg.
5. Førebyggjande brannverninformasjon.


Tilsyn:
1. Varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader.
2. Opplysningar om elstaden sin tilstand.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkeutstyr.
5. Råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar.
6. Råd om rømmingsvegar.
7. Råd om oppbevaring av brennbare væsker og gassar.


Prisar per 1. januar 2017:
Årsavgift for feiing og tilsyn i bygningar med fyringsanlegg er kr. 467,50 inkl. mva pr. år. (kr. 374,- ekskl. mva.)


Dersom ein har spørsmål vedkomande feiing og tilsyn, kontakt Bjørn Kjetil Ljosdal på telefon 53 42 31 27/907 37 022 eller Jan Samuel R.Gardner  på telefon 53 42 31 26/900 34 723.


Gebyrfritak
Føresetnaden for gebyrfritak er at eldstaden ikkje er i bruk. Feie- og tilsynsavdelinga kan føre tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk.

For å få fritak for feie- og tilsynsavgifta i Bømlo kommune må røykrøyret mellom eldstad og skorstein fjernast, og holet i skorsteinen murast igjen.

Når tilfredsstillande sikring er gjennomført skal det ikkje påleggjast gebyr. Det er eigar eller brukar av fyringsanlegget som har ansvaret for
å gje feie- og tilsynsavdelinga melding om:
- at fyringsanlegget ikkje er i bruk.
- at ein ynskjer fritak for feiing.
- å tilpasse fyringsanlegget slik at det ikkje lenger kan nyttast for oppvarming.

 

 

Sist endra 22.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering