Bruk av eld utandørs

Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike tilhøve eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

Ved bruk av eld utandørs må dette meldast til brannvernet, dette for å hindra brann og unngå unødige utrykkingar.

 

Generelt er bruk av open eld i eller i nærleiken av skogmark forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april - 15. september. Det er likevel tillete å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

 

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark skal utførast etter § 8-2 i Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (Førebyggandeforskrifta).

 

Løyvet vert gjeve på følgjande vilkår:

1. Bålet skal bestå av trevirke og ikkje bildekk, pappesker, trykkbehaldarar ol. Ein kan ta med papir og esker om det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lenge.

2. Om det er mogeleg skal det leggjast ut ein vass-slange. Om dette ikkje er mogeleg skal det setjast fram bøtter til sløkkjevatn.

3. Det må avtalast med grunneigar om det kan brennast bål i det området det er søkt om å brenna.

4. Om det er tørt og vind den dagen ein skal brenna, fell løyvet automatisk bort. Er det tvil om dette, skal spørsmålet leggjast fram for brannsjefen eller vakthavande befal dersom det er utanom normal arbeidstid ( vakttelefon: 958 48 007). Nærare melding om dette kan også verta gjeve i lokalavisa/nærradio.

5. Når ein forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig.

6. Ansvarshavande må vera tilgjengeleg på telefon heile tida.

 

Søknad om løyve til bålbrenning finn du her.

 

Spørsmål om bålbrenning kan rettast til vakthavande befal på telefon: 958 48 007.

Sist endra 24.09.2018 12:48
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering