Farleg stoff

Frå 8.juni 2009 vart forskrift om håndtering av brannfarlig, reaksjonsfarlig og trykksatt stoff samt utstyr og anlegg som benyttes ved håndteringen gjeldande.

 

Den nye forskrifta erstattar følgjande fire forskrifter:
- Forskrift om brannfarlig vare
- Forskrift om brannfarlig eller trykksatt stoff
- Forskrift om anlegg som leverer motordrivstoff
- Forskrift om transport av petroleum i rørledning over land

 

Tidlegare krav om løyve for oppbevaring av brannfarleg vare fell bort og blir erstatta av eit nytt meldesystem og samtykke frå Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB). Krava til kompetanse er utvida og blitt gjort tydlegare. Det er også innført krav om uavhengig kontroll av utstyr og anlegg for verksemder som representerer ein høg potensiell risiko.

 

Temaveiledningar
DSB arbeidar med å få på plass ein komplett serie med temaveiledningar til forskrift om håndtering av farlig stoff. Ein del temaveiledningar er på plass, det gjeld blant anna temaveiledning om forbruksanlegg som håndterer flytende og gassformig brensel. Temaveiledningane blir lagt ut på DSB si heimeside så snart dei er ferdig. Eventuelle revisjonar av temaveiledningane vil også bli lagt her.

 

Innmelding av farleg stoff 
Det er innført pliktig innmelding for farleg stoff som er omfatta av forskrifta. Samtidig med innføring av meldeplikt og krav for enkelte verksemder om å innhenta sammtykke frå DSB, vil det tidlegare kravet om å søka om tillatelse for å oppbevara farleg stoff falla bort. Innmeldinga kan gjerast på elektronisk skjema frå www.dsb.no via Altinn. Spørsmål om sjølve innmeldinga kan fortrinnsvis rettast til melding.farlig.stoff@dsb.no.

 

Meldegrense for enkelte vanlege stoff er:

 

Stoffgruppe

Mengde

Eksempel på stoff

Brannfarlig gass kategori 1 og 2

0,4 m3

LPG (propan,butan eller blandingar av desse)

Hydrogen

LNG (flytande naturgass)

Biogass

Acetylen

Brannfarlig væske kategori 1 og 2

6,0 m3

Metanol

Etanol

Bensin

Diesel og fyringsoljer

100,0 m3

Diesel,gassolje og lett fyringsolje

Giftig gass kategori 1, 2 og 3

0,4 m3

Klor

Ammoniakk

Svoveldioksid

 

Krav om å hente inn samtykke frå DSB gjeld verksemder som er omfatta av storulykkeforskrifta, ved omlasting av farleg stoff frå skip til skip samt verksemder som transporterer stoff i rørledning med trykk høgare enn 16 bar. DSB kan også kreva samtykke i andre særskilte tilfeller.

 

Tilsynsmyndigheit
Kommunen skal føra tilsyn med at krava i denne forskrifta vert overhaldt. I tillegg fører DSB aleine eller i samarbeid med kommunen tilsyn med verksemder som representerer ein betydeleg risiko eller der direktoratet ser det som naudsynt for å ha oversikt over risiko knytta til handtering av farleg stoff.

 

I praksis inneberer dette at brannvernet er den primære tilsynsmyndigheita når det gjeld dei aller fleste anlegg som handterer farleg stoff. Unntak gjeld anlegga som er samtykkepliktige (dvs. storulykkevirksomheter).

 

Ny klassifisering av brannfarleg stoff
Det nye globale klassifiseringssystemet Globally Harmonized System of Classification and Labelling of Chemicals (GHS) gir felles kriterium for klassifisering og merking av kjemikaliar. GHS inneberer blant anna at det er innført nye faresymbol og at nemninga på brannfarleg væske A, B og C fell bort. Brannfarleg væske blir no delt inn i kategori 1, 2 og 3 med flammepunkt til og med 60 grader celsius. For diesel og fyringsolje er ny øvre flammepunktgrense 100 grader celsius.

 

Oppbevaring av farleg stoff
I bueining kan det oppbevarast inntil 55 liter gass kategori 1 og 2 og inntil 10 liter brannfarleg væske kategori 1 og 2, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 6 annet ledd. Brannfarleg gass skal ikkje oppbevarast i kjellar under bakkenivå eller på loft.

 

I garasje, i utvendig bod, båthus eller liknande kan det for personleg bruk oppbevarast inntil 90 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 50 liter brannfarleg væske, sjå § 6 annet ledd.

 

I serveringsstad, i overnattingsstad og i forsamlingslokale er det ikkje lov å oppbevara brannfarleg gass kategori 1 og 2, med mindre særskilte tiltak er sett i verk, sjå § 6 tredje ledd.

 

Kva særskilte sikringstiltak som må setjast i verk vil måtte vurderast i kvart enkelt tilfelle, med utgongspunkt i risikovurdering som skal utarbeidast. Eksempel på særskilte tiltak er oppbevaring av gass i nisje (sjå Temaveiledning om bruk av farlig stoff-del 1, Forbruksanlegg for flytende og gassformig brensel, pkt. 15.2.4.3).

 

Eventuelle andre særskilte tiltak bør gi ein like god eller betre tryggleik enn nisjeløysinga det er opplyst om. Dette innberer i praksis at gassen i dei aller fleste serveringsstader, overnattingsstader og forsamlingslokale må oppbevarast ute, med fast røyropplegg til eventuelle forbruksapparat.

 

Kompetansekrav
Forskrift om håndtering av farlig stoff krev at den som prosjekterer, konstruerer, produserer, installerer, drifter, endrar, reparerer, vedlikeheld eller kontrollerer utstyr og anlegg skal ha nødvendig kompetanse, sjå forskrifta § 7. Tilsvarande gjeld kvar og ein som handterer farleg stoff utover det som er berekna for personleg bruk.

 

I temaveiledningane under pkt.7 vil ein finna meir konkrete opplysningar om kva nivå kompetansen for dei ulike aktørane bør ligga på for at ein kan sei ein har nødvendig kompetanse.

 

Verksemdene skal sjå til at tilsette har nødvendig kompetanse og gi opplæring slik at alle arbeidsoppgåver kan gjennomførast på ein sikker måte både ved normal drift og ved unormale situasjonar og driftsvilkår. Opplæringa skal også omfatta rutinar og forholdsreglar ved uhell og ulukker.

 

Kontroll
Ved konstruksjon, produksjon, installasjon, endring og reparasjon av utstyr og anlegg skal det gjennomførast kontroll for å sjå til at utstyr og anlegg er formålstenleg og sikkert, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 9 første ledd.

 

Tilsvarande skal utstyr og anlegg underleggjast ein systematisk tilstandskontroll i driftsfasen. Frekvens og omfanget av kontrollen må tilpassast utstyret og anlegget sine driftsvilkår. DSB har i temaveiledningane pkt.9 gitt anbefalte  kontrollintervallar for ei rekke utstyr og anlegg.

 

Den som skal kontrollera anlegget må ha nødvendig kompetanse etter § 7.

 

Enkelte verksemder og anlegg er underlagt krav om kontroll utført av uavhengig kontrollinstans/verksemd (i forskrifta omtalt som uavhengig kontrollør). Dette gjeld;

  • samtykkepliktige verksemder etter § 17
  • kjeler over ein viss storleik, sjå § 9 første ledd bokstav a)
  • anlegg som aleine eller samankopla inneheld meir enn 400 liter giftig gass kategori 1,2 eller 3 (eks. klor, ammoniakk, svoveldioksid)
  • gassanlegg for bruk av brannfarleg gass kategori 1 eller 2 (eks. LPG (propan, butan, eller blandingar av desse), naturgass, hydrogen, acetylen mv.) tilknytta fast røyrnett med over- eller undergrunnstank, røyrsystem for distribusjon av gass, eller flaskebatteri.

 

Unnateke frå kravet om at kontrollen skal utførast av ein uavhengig kontrollinstans er når gassanlegg som nemnt over er tilknytta frittliggjande eine- eller fritidsbustad og der trykket er maksimalt 100 mbar når gassen blir ført inn i bustaden. Slike anlegg skal kontrollerast av ein kompetent kontrollør, men det er altså ikkje krav til at kontrolløren er ein uavhengig kontrollør.

 

Med uavhengig kontrollør meiner ein teknisk kontrollorgan, brukarinspektorat eller akkreditert inspeksjonsorgan.

 

På DSB si heimeside ligg ei liste over pre-kvalifiserte inspeksjonsorgan som er kompetente til å utføra kontroll med forbruksanlegg (herunder bustadgassanlegg), flaskefyllanlegg, biogassanlegg og sentralgassanlegg i 2011.

 

Frå og med 1.januar 2012 vil ein oversikt over akkrediterte inspeksjonsorgan vera å finna på Norsk akkreditering si heimeside.

 

Varsling av ulukker
Verksemder skal straks etter varsle DSB om større ulukker i samband med handtering av farleg stoff, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 20 første ledd. Slik varsling bør skje telefonisk. Føremålet er å gi DSB tilstrekkeleg kunnskap om hendinga til å kunne gi korrekt informasjon til publikum, media, overordna myndigheit mv.

 

Rapportering av uhell
Uhell og ulukker i samband med handtering av farleg stoff skal rapporterast til DSB.

Sist endra 24.09.2018 12:49
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 22
Mobil:
917 14 199
Tittel:
avdelingsleder førebyggande
Bunnhjørne
 
Login for redigering