Feie og tilsynstenesta

kreis_i_skorstein.jpg - Klikk for stort bilete

Feiaren kjem på døra etter behov, men minst ein gang kvart 4 år i bustader. Han skal ha sendt ein melding på telefonen din eller en telefonsvarar skal ha ring din hustelefon med tid og sted som han skal kome

I følgje Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (Førebyggandeforskrifta) skal både feiing og tilsyn utførast etter behov, men minst ein gong kvart 4. år.

Det er feiaren som, i samarbeid med huseigar, vurderar behovet utifrå;

  • type bygg
  • type fyringsanlegg/eldstad
  • type brensel (fast,flytande,gassform)
  • fyringsvanar/fyringsmønster
  • mengde sot i skorsteinen
  • trekkforhold
  • danning av blanksot (beksot)

Korfor må skorsteinen feiast? Skorsteinens hovudoppgåve er å leie branngassar frå eldstaden og bort frå bustaden, utan at det vert eit hinder for bebuar. Derfor er det særs viktig å feie og gjere skorsteinen rein for sot, for å førebyggje brann og uønskt hendingar ved fyringsanleggjet. Sotet som ligg i skorsteinen er lett antenneleg og det må fjernast på ein trygg og tilfredstillande måte.  Det er viktig å hugse på at ein har eit bål i stua, og da må alle ting ligge godt tilrettelagt for dette.

Feiaren kjem på døra etter behov, men minst ein gang kvart 4 år i bustader. Han skal ha sendt ein melding på telefonen din eller en telefonsvarar skal ha ring din hustelefon med tid og sted som han skal kome. (les om det her). Når feiaren kjem, er det viktig at ein del ting er på plass. For ikkje får inn sot i stua må huseigar syte for at eldstaden er lukka igjen og at trekken i eldstaden er lukka igjen.  

Når du mottar ein melding frå feiaren på din telefon er det viktig at de gir ein tilbakemelding på at feiaren kan feie skorsteinen din. Feiaren har ikkje lov til å gå på taket ditt dersom han ikkje har ein eller anna form for tilbakemelding frå eigar. Eit tips er å sende ein sms til han når du mottar melding frå han. Fortel kven du er i meldinga. Dersom du ikkje kan sende sms er det lurt å ringe han slik at han veit at han kan feie hos deg.

 

Feiing frå tak
Som oftast skjer feiing frå tak. Dette fordi det er enklare og greiare for både bustadseigaren og feiaren. Da feiing skjer på dagtid, er ofte eigar av bustaden ikkje heime for å ta imot feiaren. Stigen skal da framleggas og tilbakemelding til feiar er viktig.

 

Som huseigar må du sørgje for følgjande tiltak:

 

 

  • Varsle alle bebuarar om at feiaren kjem.
  • Eldstadane må vere sløkt og alle luker/spjeld
    må vere stengt.
  • Ved feiing frå tak må det vere fastmontert
    takstige/trinn i takflata som leie fram til
    skorstein. I tillegg skal det leggjast fram
    husstige der feiaren skal gå opp (denne må
    sikrast mot å gli ved høgde over 5 meter). Alt stigemateriell må vere typegodkjent. Skorsteinar over 1,2 meter skal ha godkjende pipeplatå eller pipeplattform.
  • Dersom de ynskjer at feiaren skal ta ut sot etter feiing, må det framleggas eldfast kar eller lignande til å ta ut sot i.
  • Dersom de ikkje ynskjer at feiaren skal ta ut sot må dette takast ut så snart som mogeleg etter feiing.

Feiing frå loft
Fleire bustader i Bømlo kommune har feieluke på loft. Du som har det, må syte for at feiaren kjem til luka på loftet. Dersom de ikkje er heime når feiaren kjem, er det særs viktig at det vert gjort ein god avtale mellom deg og feiaren. Ved feiing frå loft må det vere uhindra tilgjenge til alle feieluker (opplåste dører og tilstrekkeleg med lys) sjå figur.

Dersom de ikkje er heime og ynskjer at feiaren skal ta ut sot, må det framleggas eldfast kar eller lignande til å ta ut sot i. Feiaren vil da tøma dette på egna plass.

 

 

 

 

Bustadtilsyn

 

Bustadtilsyn - Klikk for stort bilete

 

Det vert utført tilsyn i bustaden kvart 4.år. På dette tilsynet ynskjer vi å ta for oss branntryggleiken i bustaden din. Det er viktig for feiarane å ha ein god dialog med bustadseigar. På tilsynet som vi skal ha, vil vil ta for oss branntryggleiken og sjå på rømingsvegar. Vi tar for oss slokkeutstyr og røykvarsling. Vidare fokuserer vi på eldstaden. Her vil vi sjå om det er noko som ikkje er helt slik det må være. Er eldstaden montert i hendhåld til gjeldande lover og forskrifter? Trengs det vedlikehald? Og så videre. Skorsteinen er ein  svært viktig del av fyringsanlegget og  må fungere som tiltenkt. Dersom det ikkje er slik, er det viktig at det blir retta og vedlikehalde. Mange pussar opp bustaden, men gløymer skorsteinen. Det er da ein av vår oppgåver å syte for at huseigar får ein god og informativ opplysning om tilstanden på fyringsanlegget.

 

Bømlo Brannvern, feietenesta følgjer førebyggandeforskrifa. Denne kan du finne på Lovdata ved å klikke her (  https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-06-26-847)

 

Bømlo kommune har ein lokal forskrift for denne tenesta. Den kan du lese her (https://lovdata.no/dokument/OV/forskrift/2011-12-19-1526?q=B%C3%B8mlo) Forskrifta gir tilsynsmynde mogelegheit til å føre tilsyn med rømmingsvegar, brannslukkeapperat, røykvarslarar og andre viktige brannforebyggande tiltak i bustaden.

Publisert av Ragnhild Vad. Sist endra 22.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering