Fyringstips

 

fyring-COLOURBOX1245695.jpg - Klikk for stort bilete Det skal være ein god oppleving å fyre i eldstaden, men det er også ein del ting ein må hugsa på. Det er mange faktorar som kan gjere at fyringa ikkje blir slik ein planlegg og ynskjer.

Nokon opplev nedsoting av eldstaden, andre opplev at sot og røyk ikkje trekker opp i skorsteinen, men heller trekker ut igjennom spjeld i eldstaden og ut i rommet. Kva kan vere årsaka til dette? Jo, det er mange faktorar å ta hensyn til. Er eldstaden i harmoni med skorsteinen? Har eldstaden tilstrekkeleg med tilluft? Har bustaden eit ventilasjonssystem? Har vegetasjonen rundt bustaden forandra seg? Og så vidare. Det som kan vere optimalt for naboen, kan vere ein utfordring for din eldstad.

Vi har satt nokon grunnleggjande tips for korleis få så tilfredstillande fyring som mogeleg.

 

Fyr med tørr ved
Tørr ved gir høgt varmeutbytte av brenselet, lite sot i skorsteinen og minimal forureining. Vanlegvis inneheld friskt trevirke ca. 60% vatn.
Dersom vassinnhaldet vert redusert til 17-20%, som er normalt for tørr ved, blir utbytet 2,5 gongar større. Ikkje bruk bensin, parafin og andre brannfarlege væsker til opptenning.

 

Utfordringar med opptenning
Det trengs mykje luft til god forbrenning. Husa i dag blir stadig tettare og tettare, og det blir stadig vanskelegare og vanskelegare å tenne i eld i eldstaden dersom en ikkje har tilstrekkeleg med tilluft. Flammane er som oss menneskar, de treng også oksygen for å leva. Instruksjonsboka for eldstaden din vil fortelje deg korleis nettopp din eldstad fungerer best. Men, de aller fleste eldstadar etter 1998 (kravet til reint brennande eldstadar) treng god tilluft ved opptenning, små mengder ved og gjerne tennbrikettar som opptenning. Bruk ikkje papir, papp eller anna brennbart som opptenning av eldstaden.  Når De tenner opp i eldstaden kan det være lurt å opne ein dør eller eit vindu for å få tilstrekkeleg med tilluft. Bruk små opptenningsved samt briketter for opptenning. Bygg bålet i eldstaden med de største kubbane nedst og mindre kubbar på toppen. Bygg gjerne bålet slik illustrasjonen her seier. Legg så to – tre tennbrikettar på toppen av bålet. Når du har gjort det, skal du la eldstadsdøra di stå på glødt (1-3 cm) ei god stund. Faktisk skal den stå open til du har fått skikkeleg fyr og du har fått i gang reinbrennande sekundærluft. Når du har fått i gang sekundærforbrenninga er det på tide å lukke att døra. Legg i ved etter behov.

3 fyringstips(1).jpg (articledisplay) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Gode fyringsvanar betyr hyppig ilegg med små mengder brensel og frisk varme i omnen. Med små ilegg unngår ein så kraftig fyring at det oppstår skade på omn og skorstein. Dersom det er mogeleg hos deg å ta inn ved dagen før fyring, er det ein fordel.

 

Unngå rundfyring
Det blir dårleg forbrenning når me fyrer med omnen full i ved og med trekken mest mogleg lukka. På den måten vart det danna beksot i skorsteinen som kan ta fyr og mykje forureining i form av gassar og partiklar som vert sloppe ut i lufta. Det kan oppstå forpufningar som kan gi store sotskadar i bustaden. I verste fall kan også giftig gass lekke ut i rommet som er skadeleg for både mennesket og dyr.

 

Det brenn i skorsteinen min
Dersom sotbrann skulle oppstå, må me straks stengje igjen alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Ver særskilt merksam på peisspjeld (spjeldet må ikkje stengjast dersom det er fyr i peisen). Hald godt auge med loft og kjellar og ver merksam på eventuell røykutvikling ved etasjeskiljene og stader der treverk kjem inntil skorsteinen. Dersom de brenn, ring 110. Etter brannen må skorsteinen kontrollerast av feiaren.

 

Hugs gnistfangar i peisen
Mesteparten av peisopninga må dekkast til av gneistfangar. Gneistar og glør kan sprette langt og lage svimerker i golvtepper og møblar. Som igjen kan føre til brann. Vær merksam på at brensel av gran og furu utviklar spesielt mykje gneistar, medan lauvved har langt mindre gneistutvikling.

 

HUGS, DET SKAL VÆRE KJEKT Å FYRE I ELDSTADEN. DERSOM DE HAR SØRSMÅL AV NOKO SLAG, TA KONTAKT MED OSS.

 

Her er nokon filmar frå youtube som kanskje kan vere til nytte.

 

 

 

 


 

Sist endra 17.06.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering