Ordføraren har ordet

Bømlo-nytt har opna for ei ny spalte som kom på trykk for første gang i dag 30. mars. Ordførar Sammy Olsen vil i denne spalta dele både informasjon, hendingar og arrangement av ulikt slag, samt sine tankar og refleksjonar kring ulike tema.


spalte i avis med bilde av mann - Klikk for stort bileteOrdføraren har ordet heiter ei ny spalte i Bømlo-nytt. Faksimile av Bømlo-nytt Ordføraren har ordet

Bømlo-nytt har opna for ei ny spalte der «Ordføraren har ordet». Det er eg takksam for. Eg vil nytta denne spalta til å dele glimt frå mitt ombod som bømlingane sin øvste folkevalde – noko eg er både stolt og audmjuk for. I denne spalta vil eg dele både informasjon, hendingar og arrangement av ulikt slag, samt mine tankar og refleksjonar kring ulike tema.

Som dei aller fleste bømlingar og andre er den grufulle krigen i Ukraina også noko eg er særs oppteken av. Både personleg, men ikkje minst som ordførar. Bømlo kommune har sagt ja til å busetje 140 flyktningar i år. Dette vil krevje mykje av våre kommunale tenester, men me er rigga for dette. Ikkje minst er eg viss på at dette vil gå bra. Bømlingane har hjartevarme, dei stiller opp og er ikkje redd for å ta i eit tak. Me er også flinke til å sjå nye løysingar.

Bømlingar syner si støtte og solidaritet med Ukraina, og det er flott. Me skal ta vare på dei som er her og dei nye som kjem. Men me skal også ta vare på våre russiske vener og medborgarar, for dette er ikkje deira krig. Det er Putin sin krig. Me skal snart markera 8. og 17. mai – våre frigjerings- og nasjonaldagar. Vår lokale historikk med flyktningetrafikk over Nordsjøen og lokal motstandskamp vert i lys av dagens situasjon endå meir aktuell og viktig å syne fram til dagens unge. Og minna alle oss andre om at fridomen og uavhengigheita vår ikkje er noko me kan ta for gitt.

Trass usikre tider har me i Bømlo enormt mykje å gleda oss over. Me har opna nytt legesenter på Moster, hatt folkefest for oppstarten av ny fiskerihamn på Langevåg, og det nærmar seg nedlegging av grunnsteinen for den nye vidaregåande skulen og forskingssenteret i Rubbestadneset. Det skjer positive ting på Moster og Finnås, og det er god framdrift i arbeidet med Bømlopakke II.

Sjølv har eg hatt gleda av å gratulera og delta i feiring av Nils Fylkesnes sin 100-årsdag.

Med helsing

Sammy Olsen

 

Til toppen