SMS-varsling om feiing og tilsyn

sms_message.jpg - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har gått over til sms-varsling av både feiing og tilsyn. Det er tidlegare blitt lagt ein melding til deg i postkassa om at «feiaren kjem».

2015-04-22 14.05.24.png - Klikk for stort bilete

 

Denne meldinga er nå bytta ut med ein SMS på din mobil. Dersom du ikkje har mobiltelefon, men er registrert i folkeregisteret med fasttelefonnummer, vil du motta ein talemelding som inneheld den same meldinga som SMS’en gjer.


Den som eig eit fyringsanlegg vil få ein sms når feiaren er på vei i området der du bur. Dersom du har fleire telefonnumre og ynskjer å kontrollere om dei opplysningane som ligg inne på deg er korrekt, kan du vitja servicevarsling.no for å sjå kva som er registrert på deg. Det er viktig at ein av og til går inn å gjer det då ingen andre enn du som bustadseigar har interesse av å motta informasjon om at feiaren kjem.

 

Her kan De lese kva De må gjere før feiaren kjem.

 

Dersom du eig ein bustad, men leiger han ut til nokon andre, er det viktig at brukar blir informert om at feiaren kjem. Det er huseigar sitt ansvar å informere alle som treng denne informasjonen i dykkar bustad.


Gå inn på www.servicevarsling.no for å sjå om din informasjon er korrekt

 

servicevarsling_logo.jpg

 

 

 

Meldinga frå feiaren De mottek vil komme frå eit av disse to nummera: 907 37 022 el 900 34 723. Men dersom De mottar ein telefonsvarar vil det ringe frå 23 50 09 37
Meldingane som kjem frå automatisk svartenesten kan De høyra her.

Melding om feiing (M4A, 513 kB)
Melding om sjukdom (M4A, 333 kB)

Melding om tilsyn (M4A, 560 kB)
Melding om anna viktig beredskapsarbeid (M4A, 356 kB)


I meldinga De har mottatt står det at De må melde frå til feiaren dersom det ikkje høver seg å ha besøk denne dagen. De kan da sende sms i retur til det telefonnummeret De har mottatt medling frå om følgjande kommentar eller kode:

 

1. Eg ynskjer feiing og tek ut sota sjølv. Eg stadfestar og at alle luker og spjeld er stengd

2. Eg ynskjer ikkje feiing no og tek kontakt med Dykk for ny avtale.

3. Bygningen har ikkje eldstad som er i bruk og er fråkopla skorstein.

 

Meldinga må inneholde navn, adresse og evnt kode. F. eks Ivar Aasen, Aasenvegen 140, kode 2

 

 

Tilbake

 

 

Publisert av Bjørn Ketil Ljosdal. Sist endra 29.04.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering