Nyhende - brann
Bømlo brann og redning
(15.01.2018)

Bømlo brannvern har frå 1. januar 2018 endra namn til Bømlo brann og redning. - Hovudårsaka er at oppgåvene til brannvernet har endra seg mykje dei seinare åra, og redning er blitt ein stor del av desse, opplyser brannsjef Ove Halleraker. Ny logo er utarbeidd, men elles vil uniformering av køyrety og bekledning skiftast ut ved nyinnkjøp.

UMS befolkningsvarsling
(14.11.2017)

Ved ei uønska hending ynskjer Bømlo kommune å nå flest mogleg med telefonvarsling og nyttar difor eit system kalla UMS Befolkningsvarsling. Dette er ei varslingsteneste ved hjelp av tekstmelding på mobiltelefon (SMS) og/eller oppringing til fasttelefon og mobiltelefon. 

Feiing og tilsynfolder framsida
(08.08.2016)

«Feiing og tilsyn» er namnet på vår nye informasjonsbrosjyre, utarbeida samane med nabokommunane våre Stord, Fitjar og Sveio.

lynnedslag-i-hus.jpg
(27.06.2016)

Kvar sommar fører lynnedslag til mange brannar og skader på elektrisk utstyr. Du kan forebygge noke av skadevirkningene ved å montere overspenningsvern i din eigen bustad.

St. Hans bål
(13.06.2016)

Brannsjefen har no oppheva totalt bålforbod i heile kommunen. 

Brannkonstabel røykdykkarbekledning
(10.06.2016)

12 bekledningsdrakter for røykdykkarane og ein grunnpakke for overflateredning er jubileumsgåva frå Gjensidigestiftelsen til Bømlo brannvern. - Ei viktig og kjærkomen gåve til brannvernet som gjer oss endå betre rusta til å utføra beredskapsoppgåvene våre, seier ein nøgd konstituert brannsjef Ove Halleraker.

november_dsb-no.png
(25.11.2015)

Aksjon Boligbrann er ein årleg landsomfattande informasjonskampanje som arrangerast av DSB, Norsk brannvernforening og Gjensidige. Represen-tantar frå Bømlo Brannvern og Finnås kraftlag står for den lokale gjennomføringa.

Utbrent kjele
(29.09.2015)

Med nokre enkle grep kan du hjelpe til å redusere brannfaren hjå eldre du bryr deg om. Ta den viktige «kjøkkenpraten», ein prat om kva slags brannfarar som finst i heimen, og kva ein kan gjere for å betre branntryggleiken.
 

Open dag Bremnes brannstasjon 2015_ny
(17.09.2015)

Bømlo brannvern og lokale samarbeidspartnarar inviterar til open dag på Bremnes brannstasjon laurdag den 19. september kl. 10.00 -14.00.

Brannbamsen Bjørnis
(07.09.2015)

Bømlo brannvern har fått eit nytt tilskot i brannstaben. Hans namn er Bjørnis.

Brannsjef Bjørn Hroar Sortland
(26.08.2015)

Ein del vaktselskap som sel private brannalarmanlegg driv misvisande marknadsføring, heiter det i ei pressemelding frå Bømlo brannvern. Direkte varsling til brannvernet betyr ikkje nødvendigvis umiddelbar utrykning frå brannvernet.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering