Befolkningsvarsling i Bømlo kommune

UMS befolkningsvarsling (umsalert) - Klikk for stort bilete

Ved ei uønska hending ynskjer Bømlo kommune å nå flest mogleg med telefonvarsling og nyttar difor eit system kalla UMS Befolkningsvarsling. Dette er ei varslingsteneste ved hjelp av tekstmelding på mobiltelefon (SMS) og/eller oppringing til fasttelefon og mobiltelefon. 

UMS befolkningsvarsling kan både brukast på bestemte adresser eller områder, og gjer oppslag i fleire register: Folkeregisteret, kommunen sitt eigedomsregister og kontaktregisteret for offentleg forvaltning. Kvaliteten på varslingssystemet avheng av at det til ei kvar tid er oppdaterte og korrekte telefonnummer registrert frå alle husstandar og bedrifter i kommunen.


Meldinga som vert sendt ut går til telefonar i eit geografisk område, og vil gå til alle telefonar som er registrert i kvar husstand eller bedrift. Det betyr at du som oppheld deg i eit anna  geografisk område enn der du er folkeregistrert ikkje vil få melding som gjeld området du oppheld deg i.

 

(Døme: Du er på Våge på motorcrossbanen. Det skjer ei hending der som medfører at det vert sendt melding til dei som bur i Våge-området. Du har folkeregistrert bustadadresse Moster. Du vil difor ikkje få denne meldinga fordi meldinga går berre til dei med folkeregistrert adresse på Våge.)

 

Hemmelege telefonnummer

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, noko som betyr at desse ikkje mottek varsling med dagens system. Du som har hemmeleg nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg på www.servicevarsling.no.

 

NB: Ditt hemmelege telefonnummer vert framleis halde hemmeleg for alle andre.

 

Viktig med oppdatert kontaktinformasjon

For at du som innbyggjar i Bømlo kommune skal ha best mogleg nytte av dette varslingssystemet, er det viktig at du kontrollerer at opplysningar knytt til dine og din husstand sine telefonnummer er korrekte. Difor oppmodar me deg til å gå inn på nettsida www.servicevarsling.no der du finn ut om du står oppført med korrekt telefonnummer,  og eventuelt gjere naudsynte rettingar då du sjølv er ansvarleg for at dine oppføringar av telefonnummer er korrekt.


Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på folkeregisteroppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa. Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som vedgår fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

 

Her finn du rettleiing for kontroll/endring/vedlikehald av opplysningane dine (PDF, 541 kB) på www.servicevarsling.no.

 

Treng du ytterlegare hjelp til registrering eller vedlikehald av telefonnummer kan du kontakta Kundetorget i rådhuset på tlf. 53 42 30 14.

Sist endra 14.11.2017 14:58
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering