Bømlopakke I og II - Informasjonsside

Trafikk mot HSD (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Her finn du oppdatert informasjon om Bømlopakke I og II, samt ein del bilete frå arbeidet med den store vegutbygginga i kommunen vår.

Endring av takst- og rabattsystem i Bømlopakken

Frå og med 1. februar 2019 blir takst- og rabattsystemet for Bømlopakken endra melder Ferde AS/Bømlopakken.

 

Endringane gjeld:

  • lnnføring av eit standardisert rabattsystem med automatisk brikkerabatt.
  • Avvikling av tilleggsavtaler for å oppnå Iokale rabatter.
  • Nye takster som gjeld frå 01.02.2019.
  • lnnføring av betaling for nullutslippskøyrety.
  • lnnføring av nytt månadstak og avvikling av timesregel.
     

Rabatt ved bruk av brikke
Alle køyrety i takstgruppe 1 som passerer med gyldig brikke og avtale får 20% rabatt (uavhengig av
kva selskap avtalen er inngått med). Det gis ikkje rabatt til takstgruppe 2.


Takstgruppe 1:
Køyrety med tillatt totalvekt til og med 3500 kg, samt køyrety i køyretykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.


Takstgruppe 2:
Køyretymed tillatt totalvekt fra 3501 kg, ekskl. køyrety i køyretykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

 

Endring for avtalekunder
 

  • Alle kunder som har hovudavtale og brikke fra Ferde AS - Bømlopakken blir automatisk gjort om til etterskuddsavtale med 20% rabatt. Lokale forskuddsavtaler med 30—50% rabatt blir ikkje lenger tilbudt. Gjenståande saldo frå innbetalt forskuddsbeløp vil bli overført ny etterskuddsavtale.
     
  • Dersom du har brikke frå eit anna selskap, og tilleggsavtale hos Ferde AS - Bømlopakken for å oppnå Iokal rabatt på 30%—50% rabatt, blir denne tilleggsavtalen avvikla. Sluttavregning og eventuelt inneståande beløp på din avtale blir tilbakefcørt seinast tre månader etter endringa. Utbetalinga vil skje til det kontonummeret du sist betalte din avtalefaktura frå. Dersom du har endra kontonummer sidan siste innbetaling må du innan 15.02.19 gi beskjed om nytt kontonummer i ein skriftleg melding på www.ferde.no. AutoPASS-avtalen med det selskapet brikken er levert frå, hovudavtalen, blir ikkje endra, og passeringar i Bømlopakken frå 1. februar blir trekt frå hovudavtalen.
     
  • Dersom du har ein ubetalt forskuddsfaktura, så treng du ikkje betala denne dersom du har positiv saldo som dekkjer dine passeringar fram til 01.02.19.


Takstar etter omlegging til nytt takst og rabattsystem:

 
Bømlopakken - Spissøy bomstasjon Takstgruppe 1   Takstgruppe 2
  Full pris utan avtale

Pris med brikke og avtale - 20% rabatt

Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyrety 69,00 55,20 164,00
Nullutslippskøyrety (elbil og hydrogenbil) 69,00 27,60 -

Nye takstar 2019 Bømlopakken - Klikk for stort bilete


Nullutslippskøyrety

I tråd med føringane frå Prop. 87s (2017-2018) og lokale vedtak, blir det innført bompengeavgift for
nullutslippskøyrety i Bømlopakken.


Nullutslippskøyrety er ei fellesnemning for elbiler og hydrogenbiler. Betaling av bompengar som
nullutslippskøyrety forutset gyldig AutoPASS-avtale og bombrikke. Utan gyldig avtale og brikke vil
nullutslippskøyrety betala ordinær bompengetakst på lik linje med andre køyrety.


Nullutslippskøyrety skal frå 01.02.19 betaIe 50% av taksten for takstgruppe 1 etter rabatt: 27,60 kr


Månadstak gjeld for køyrety med brikke og gyldig avtale og endrast til følgjande frå 01.02.19:

  • Køyrety i takstgruppe 1 får passeringstak på 30 passeringar kvar kalendermånad.
  • Køyrety i takstgruppe 2 får passeringstak p5 40 passeringar kvar kalendermånad.


Timesregel vil bli avvikla frå 01.02.19.


Alle omleggingane er heimla i Stortingsvedtak, jf. Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016)

 

 

Bomring Svortland og bomstasjon Gassasundet/ferja -
Bømlopakke II

Det er lagt opp til at bomring rundt Svortland samt bomstasjon i Gassasundet og på ferja trer i kraft frå 1. januar 2021. Det krev vedtak i Stortinget. Ein reknar med å ha det på plass våren 2019. Innkrevjingsperioden vert 15 år. 

 

Kommunestyret sin søknad om Bømlopakke II vart gjort i vedtak 18.6.2018 med slik ordlyd:

1. Kommunestyret sluttar seg til det føreslåtte opplegget for revisjon av Bømlopakken slik det er skissert i det faglege grunnlaget frå Statens vegvesen Region vest datert 14.05.2018, med dei justeringane som kjem fram i prioriteringstabell nedanfor og endring i passeringstak frå 40 til 30 som kjem fram av vedtakspunkt 5. Finansieringsplan inneber eit bompengebidrag på 554 mill. 2018-kr til den reviderte pakken. Ramma for bompengar vert endeleg fastsatt etter KS2 av pakken. Fylkeskommunen skal bidra med 298 mill. 2018-kr og Bømlo kommune med 1,7 mill. kr i 2018.
 

2. Det vert lagt til grunn at utbygginga i den reviderte pakken skjer i 2018–2023.

3. Det skal etablerast fire nye bomstasjonar rundt Svortland sentrum i 2021. Bompengeinnkrevjinga i bomstasjonen på Spissøya skal fortsette med endra takstar frå og med 2021. Bompengeinnkrevjinga skal fortsette på ferjesambandet Buavåg-Langevåg til og med 2035.

4. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 pst. Det blir ikkje gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy skal ha inntil 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy.

5. Det vert lagt til grunn innføring av eit månadleg passeringstak på 30 passeringar for begge takstgrupper. Bømlo kommune/Hordaland fylkeskommune sluttar seg til at det vert innført timesregel på 60 minutt, men ber om at Statens vegvesen vurderer om det kan innførast halvtimesregel.

6. Når innkrevjinga i dei nye bomstasjonane startar, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på om lag 20-22 kr (i 2018-kr) i alle fem bomstasjonane. Dette tilsvarar om lag:

  • 38–45 kr for køyretøy i takstgruppe 1 (kjøretøy med tillatt totalvekt til og med 3500 kg samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale)
  • Kjøretøy i takstgruppe 2 (kjøretøy med tillatt totalvekt fra og med 3501 kg (ekskl. Køyretøy i køyretøykategori M1 med elekronisk brikke og gyldig avtale) betaler dobbel takst.

Prioriteringsliste Bømlopakke 2.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

7. Endeleg takst- og rabattsystem skal leggast fram for lokalpolitisk behandling i god tid før innkrevjinga tek til.

8. Bompengeperioden er sett til 15 år frå innkrevjingstart i dei fire nye bomstasjonane.

9. Fram til innkrevjinga kan starte i det nye bompengeopplegget, fortset innkrevjinga som før i eksisterande bomstasjon på Spissøya og i ferjesambandet Langevåg-Buavåg. Takst- og rabattsystemet i bomstasjonen på Spissøya skal snarleg leggjast om i tråd med føresetnadene i Prop. 1 S Tillegg 2 (2015-2016). Dette skal gjerast i eiga sak.

Bømlopakke II_Bomringforslag til Kommunestyret - 31.10.17 Bømlopakken - prosjektoversikt kart Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Geir Einarsen Fotograf: Magne Raknes Fotograf: Magne Raknes
Offentleg gjennomsyn trase Fv. 541 Ekornsæter-Sakseid. Kart. Kart 1_F541 Løvegapet-Langevåg Kart 2_Fv11_Langevåg-Eidesvik Kart 3_Fv542 Hollundskjosen-Hollundsdalen
Kart 5-Fv. 542 Hollundsdalen–Stokkabekken Kart 7_Fv 18 Urangsvåg–Brandasund Kart 9_Fv. 542 Røyksund–Eikeland Kart bomring Svortland - gule markeringar
Kart Fv. 12 Sakseid–Grønnevik Kart Fv. 14 Svortland–Økland Kart Fv. 19 Rubbestadneset–Rolfsnes Kart Fv. 23 Tormodsetre–Gilje
Kart Fv. 541 Ekornsæter–Sakseid Kart Fv. 541 Hestaneset–Tjong Kart Fv. 541 Sakseid–Hestaneset Kart Fv. 541 Stokkabekken–Rubbestadneset
Kart Fv. 541 Tjong–Løvegapet Kart Fv. 542 Notland–Mosterhamn Kart Fv. 542 Stokkabekken–Siggjarvåg Fotograf: Pressefoto
Løvegapet-Langevåg-2-web.jpg Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Planskisse_ Stokkabekken Fotograf: Simon Knutsson Sortland Tjong-Løvegapet_GE.jpg Trafikksikker kommune feiring 2017
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Vegarbeid - Hollundsdalen Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Magne Raknes Fotograf: Simon Knutsson Sortland
Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland Fotograf: Simon Knutsson Sortland
 
 
Sist endra 11.01.2019 15:10
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 52
Mobil:
941 71 093
Tittel:
rådmann
Bunnhjørne
 
Login for redigering