Mindre tiltak unnateke søknadsplikt

Nokre mindre tiltak kan du byggja utan at søknad på førehand er sendt til kommunen. Du har sjølv ansvaret for å avklara at byggjetiltaket er i samsvar med regelverket.

 

Det er likevel plikt til å rapportera inn nybygget til kommunen straks det er ferdig bygd. Dette for at kommunen skal ha best mogleg oppdatert kartgrunnlag, sjå skjema nedanfor.

Byggeveiviser - Klikk for stort bilete Det er ein føresetnad for å kunna byggja utan søknad at tiltaket er i samsvar med gjeldande arealplan for eigedomen din. Du har sjølv ansvar for å sjekka opp i denne, samt føresegner og reglar i ditt område. Dette kan vera kva arealføremål eigedomen din ligg i, utnyttingsgrad for tomta di, arealbegrensingar, mønehøgd? osv. Du må også vita nøyaktig kvar eigedomsgrensa di går slik at du er sikker på at byggjeavstand vert korrekt.

 

Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) si nettside inneheld informasjon om byggjereglane, søknadsskjema, vegvisar for tiltak utan søknadsplikt mm.

 

Her finn du vegvisar for bygg utan å søkje

 

Her finn du vegvisar for kor stort du kan byggje

 

Her er skjema for melding til kommunen om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt

 

Hugs før du byggjer:

  • Finn ut kva du har lov til å byggja på eigedomen. Bestill eit situasjonskart for eigedomen din, og sett deg inn i reguleringsplanen for eigedomen. Situasjonskart og reguleringsplan kan du bestilla hjå oss.
  • Snakk med naboen. Sjøl om du ikkje må senda ut nabovarsel, kan det vera smart å informera naboen om bygginga.
  • Pass på at du ikkje byggjer over vatn- og avløpsrøyr
  • Finn ut kor mykje og kor stort du har lov til å byggja på tomta di. Dette vert kalla utnyttingsgrad eller grad av utnytting (sjå vegvisaren ovanfor) .
  • Finn ut om du treng løyve frå andre mynde før du startar bygginga. Sjekk veglova, kulturminnelova, naturmangfaldslova og anna regelverk slik at du byggjer lovleg i høve til vei, avkjørsel, og liknande.
  • Hugs å rapportera til kommunen etter at du har bygd ferdig. Kommunen skal ha situasjonskart i målestokk 1:500 som viser plasseringa av bygget og ei arealoppgåve som viser storleiken (bruksareal).
Publisert av Elisabeth Gjerde. Sist endra 19.10.2018
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 54
Mobil:
469 64 985
Tittel:
konstituert avdelingsleiar arealbruk
Bunnhjørne
Eining (1)
 
Login for redigering