Eigedomsskatt i Bømlo kommune

Kommunestyret i Bømlo vedtok i møte 15.12.2008 å innføra eigedomsskatt for alle eigedommar i kommunen. Skattesatsen er pr. 01.01.19 sett til 3,7 promille av skattetaksten og gjeld for skatteåret 2019.

Nils Kåre Nysæter blar i eigedomsskattelisert for 2019. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Eigar eller rekningsmottakar kan klaga på taksten som er grunnlag for skatten. For eventuelle klager, kontakt Bømlo kommune, Eigedomsskattekontoret, 5430 Bremnes.


NB: Ved spørsmål om takst og takstgrunnlag må du oppgje Gnr./bnr./fnr./snr. når du vender deg til kommunen. 

 

Spørsmål om og klage på eigedomsskatten kan sendast her til eigedomsskatt@bomlo.kommune.no.

 

Sakkunnig nemnd eigedomsskatt og klagenemnd eigedomsskatt 

 
Medlemer i sakkunning nemnd eigedomsskatt:
Leiar: Per Ole Fylkesnes (KrF) - personleg vara: Bente H. Bergtun (Ap)
Nestleiar: Tove Lise Aasheim (Ap) - personleg vara: Birger M. Rogne
Medlem: Frode Urang (H) - personleg vara: Aslaug S. Wathne (H)
 
 
Klagenemnda si oppgåve er å avgjera eventuelle klagar på skattetaksten som den sakkunnige takstnemnda har sett på eit objekt. Klaga vert avgjort etter først å ha gjenomført synfaring.
 
 
Medlemer i klagenemnd eigedomsskatt:
Leiar: Karsten Fylkesnes (KrF) - personleg vara: Birgit S. Esperø (KrF)
Nestleiar: Connie Søvold (Høgre) - personleg vara: Øyvind Schumann Larsen (H)
Medlem: Kjell Egil Hollund (Ap) - personleg vara: Silje M. Økland (Ap)
 

 

Informasjon om Utrekning av eigedomsskatt finn du her

 

Døme på Eigedomsskattesetel 2019 (PDF, 435 kB)

Sist endra 28.02.2019
Fant du det du leitte etter?