Graveløyve og arbeidsvarsling kommunal veg

Alle som skal grava/utføra arbeid i kommunal veg er pliktig til på førehand å søkje om dette. Før arbeid tek til i/langs/på kommunal veg skal ansvarleg entreprenør innhenta graveløyve. For å kunna gjera arbeid som vil påverka dei kjørande på kommunal vei, skal det dessutan sendast inn ei arbeidsvarsling med skiltplan for arbeidet. Skiltplanen skal innehalde dei skilta som skal brukast for å gjere jobben.

Skjema for arbeidsvarsling/skiltplan kommunal veg (XLSX, 165 kB)

 

Kommunen har utarbeida eiga norm for kommunale vegar og korleis det skal gravast og kva som er venta av både søknad, varsling og etterarbeid.Ta kontakt med teknisk drift for meir informasjon.

Ein gjer merksam på at entreprenør i tillegg har ansvaret for å innhenta naudsynte løyve etter Plan- og bygningslova sine føresegner. Sjå meir her under temaet bygging.

 

Belting:

Dersom det skal beltast på offentleg veg skal dette meldast til kommunen og søkjast om på førehand. Skjer det belting utan at det er søkt om, kan entreprenøren vere erstatningspliktig og ansvarleg for å fikse opp dei skader beltinga har gjort.

 

Gravemelding hjå andre leidningseigarar:

For å unngå skade skal det ved alt gravearbeid undersøkjast om det ligg kablar og leidningar i grunnen. Før gravearbeidet vert starta, må det avklarast med kabel- og leidningseigaren (Telenor, Finnås kraftlag, Bømlo vatn-/avlaupsselskap AS) om det finst leidningar og kablar i bakken. I tillegg til graveløyve frå kommunen er entreprenøren ansvarleg for at det ligg føre slik kvittert gravemelding frå desse.

 

Finnås Kraftlag
Tlf: 53 42 89 00
E-post: firmapost@finnaskraftlag.no

 

Telenor
Tlf.09146
Fax 800 80 146
E-post: gravemelding.bergen@geomatikk.no
Finn meir informasjon på www. gravemelding.no

 

BVA AS
Bømlo vatn og Avløpsselskap
E-post: post@bva.no

 

Bømlo kommune - Teknisk drift
Tlf. 916 85 977 / 953 64 698
E-post: vav@bomlo.kommune.no

 

Her finn du skjema for gravemelding hjå andre leidningseigarar. (PDF, 47 kB)

 

Graving i riks- og fylkesvegar og utanfor veg
Graving utenfor veg må avtalast med grunneigar. For riks- og fylkesvegar skal søknad sendast til Statens vegvesen.

Sist endra 04.03.2019
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 54
Tittel:
ingeniør
Bunnhjørne
Telefon:
53 42 31 46
Mobil:
916 85 977
Tittel:
Arbeidsleiar grønt og samferdsel
Bunnhjørne
 
Login for redigering