Bømlo bu- og helsesenter

Langtids-/korttids-/ og rehabiliteringsplassar

Bømlo bu- og helsesenter ligg sentralt i kommunesenteret Svortland og er den største institusjonen i kommunen vår med totalt 72 plassar. 59 av desse er langtidsplassar for somatisk sjuke og personar med demens. 13 plassar er fordelt på korttid og rehabilitering.

 

Dei tilsette skal sørgje for at pasientane får individuell fagleg oppfylgjing, omsorg og pleie, samt ha god dialog med pårørande. Institusjonen har tilsynslegar fleire dagar i veka. Dersom pårørande ønskjer samtale med tilsynslege, kan dette avtalast på førehand gjennom kontakt med avdelingssjukepleiar. Institusjonen har òg tilbod om tannhelseteneste, fysioterapi, frisør og fotpleie.


Alle avdelingane har eige postkjøkken. Langtidsavdelingane er inndelt i 3 etg., med postkjøkken i kvar etg., samt felles opphaldsrom.

 

Det er mange faste sosiale aktivitetar for pasientane. Mellom anna andakt kvar søndag, «Nabotreff»  og «Besøkshund» i regi av Røde kors, «Lyklingedamene», Ettermiddagstreff v/diakon m.m.
 

Her kan du lesa meir om søknad om plass.

 

Besøk

Det er inga fast besøkstid, besøkjande er velkomne når det måtte passa. Hovuddøra vert låst kl 20.00. Ringeklokka kan brukast etter dette.

 

Kontakt:
Bømlo bu- og helsesenter
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Tel.:  53 42 34 00
Epost: postmottak@bomlo.kommune.no

 

For å kontakta personell eller pårørande utanom opningstidene

Pårørande som ynskjer kontakt med dei ulike avdelingane ved BBH utanom opningstidene ved kundetorget finn du i tabellen under.

Vakttelefonar BBH
  Korttid/rehabilitering   415 67 631
  Post 1 Nord - 1. etg.   954 06 351
  Post 1 Nord - 2. etg.    954 10 463
  Post 1 Nord - 3. etg.   952 56 613
  Post 2  Sør - tlf. 1   952 30 827
  Post 2  Sør - tlf. 2   954 07 485 
   
Sist endra 02.02.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 34 02
Mobil:
991 57 554
Tittel:
verksemdleiar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering