Folkehelse i Bømlo

Bømlo på tvers - Salmamarsjen 2012. - Klikk for stort bileteBømlo på tvers - Salmamarsjen 2012. Magne Raknes  

Bømlo deltek i stort nasjonalt kartleggingsprosjekt om folkehelse

Folkehelse omfattar befolkninga sin helsetilstand og korleis den fordelar seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å styrke dei faktorane som fremjar helse og trivsel, ved å redusere faktorar som gjer auka helserisiko og verna mot ytre helsetruslar.

Bømlo kommune er saman med mellom anna, andre kommunar og fylkesmannen, med i partnarskapet for folkehelse i Hordaland. Føremålet med samarbeidet er å kunne drive eit meir systematisk og heilskapleg folkehelsearbeid, der ein kan utveksle kompetanse på tvers av kommunegrenser.
 

Folkehelsekoordinator

Bømlo kommune har sidan 2013 hatt tilsett ein Folkehelsekoordinator. Folkehelsekoordinator si oppgåve er å koordinere folkehelsearbeidet i kommunen. Det vil seie å leggje til rette for at innbyggarane får fleire leveår med god helse, og at det vert færre helseskilnader mellom ulike samfunnslag, etniske grupper og kjønn.


Ei viktig oppgåve er å utvikle samarbeidet mellom offentlege og private aktørar som arbeider med psykisk helse, fysisk aktivitet, kosthald og ernæring, fysisk tilrettelegging, tiltak mot røyking og rusmisbruk og betre skule- og arbeidsmiljø. Ei anna viktig oppgåve er å delta aktivt i kommunen sitt planarbeid for å sikre at folkehelseperspektivet i alt kommunen gjer.


Organisering
Folkehelsekoordinator er ein funksjon som organisatorisk er lagt direkte under rådmannen.


Kontaktinformasjon:
Folkehelsekoordinator Anne-Beth Njærheim
E-post abn@bomlo.kommune.no
Tlf: 53 42 30 58  mobil: 481 72 775


Interne lenker:
Handlingsplan for folkehelse 2014 (PDF, 2 MB)

Handlingsplan for folkehelse 2015

Lokal folkehelseprofil Bømlo 2013 (PDF, 870 kB)

Smittevernplan 2014-2018 Kommuneplan (særskilt samfunnsdel) (PDF, 2 MB)

Sist endra 20.02.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
Folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering