Recovery-kurs for livsmeistring
Har du utfordringar men ønskjer positivt påfyll, auka sjølvinnsikt og styrka sjølvkjensle samt å bli meir bevisst på eigne ressursar og leve meir i tråd med kva som er viktig for deg? Sjå aktuelt artikkel
Kven er kurset for?
Me har alle draumar, ønskjer og mål for framtida. Recovery-kurset passar for deg som ønskjer å skapa gode kvardagar trass utfordringar. Kursdeltakarane må ha eigen motivasjon, vera rusfri, kunne delta i ei gruppe (8-10 personar) og gjere enkle heimerefleksjonar.
Kurset tek utgangspunkt i “CHIME-elementa”:
- tilhøyrsle
- håp
- identitet
- meining i livet
- Empowerment/eigenstyrke
Praktisk informasjon
Kurset går over 8 onsdagar med varighet 4 timar kvar gong. Oppstart er onsdag 28.08.2024 kl. 10:-14:30.
Stad: Nyving. Bankbrekko 22 (inngang steintrappa ute er Nyving). Kurset har ein eigenandel på 150 kroner.
Det blir enkel servering av kaffi, te og frukt.
Kurshaldarar:
- Hanne Totland, psykiatrisk hjelpepleiar ved Rus- og psykisk helseteneste i Bømlo kommune
- Kjellaug Iversen, Recovery ressursbase i Helse-Fonna
Påmelding:
Kontakt Hanne Totland Telefon 975 89 934
E-post: Hanne.totland@bomlo.kommune.no