Habiliteringstenesta

Vårt ansvar

Habiliteringstenesta har ansvar for tilbod i heimen og arbeids-/aktivitetstilbod for vaksne personar med utviklingshemming.

 

Personalgruppa er tverrfagleg samansett. Me legg vekt på felles målsetjingar, strukturerte dagsplanar og klare rutinar. Til opplæring og rettleiing nyttar me oss av kompetanse frå den kommunale tenesta og Helse Vest. Gjennom mange års målretta arbeid har me tileigna oss kompetanse på våre arbeidsområde.

 

Søknadsskjema og nærare opplysningar får du ved å venda deg til Tenestekontoret.

 

Arbeids- og aktivitetstilbod
Arbeids- og aktivitetssenteret, er eit arbeids- og aktiviseringstilbod for vaksne med utviklingshemming.  Senteret gjev trening, opplæring og arbeidstilbod som tek utgangspunkt i den einskilde sine behov og evner. Me set fokus på trivsel og miljø, og har som målsetjing å fremja god livskvalitet.

  • Me gjev tilbod om ulike arbeidsoppgåver som til dømes: Makulering, pakking, enkle formingsoppgåver osv. Her er ikkje noko produksjonskrav til brukarane.
     
  • Me tilrettelegg for noko fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkelte sitt behov, bl.a. basseng og turgåing.
     
  • Me gjev opplæring i kommunikasjon for dei som har lite verbalspråk.
     
  • Me legg til rette eit miljø som stimulerer alle sansane; syn, hørsel, smak, lukt, taktil o.s.b.

 

Lenker
Søknad om helse og omsorgstenester
Betaling for helse og omsorgstenester
 

Sist endra 02.02.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
909 13 802
Mobil:
909 13 802
Tittel:
vernepleiar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering