Rehabilitering i institusjon

Rehabiliteringsopphald er eit tilbod til deg som treng hjelp til å trena opp ein eller fleire funksjonar, slik at du kan klara kvardagen heima best mogleg på eigen hand.

Kven kan søkja:

Du som har redusert funksjon grunna sjukdom og/eller skade og som har/er:

  • behov for rehabiltering og opptrening som ikkje kan utførast i eigen heim
  • behov for tett oppfølgjing og trening for å betra eller vedlikehalda funksjon
  • ynskje om å vera aktiv og klara deg sjølv i størst mogleg grad
  • motivasjon til å ta aktiv del i trening og daglege gjeremål
  • i stand til å setja eigne mål og ta aktiv del i rehabiliteringa.

Kva tilbyr me:

Bømlo kommune tilbyr rehabiliteringsopphald ved Bømlo bu og helsesenter.  Ulike faggrupper som lege, helsefagarbeidar, ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar jobbar saman med deg, med utgangspunkt i dine mål og føresetnadar. Det som er viktig for deg står i fokus.

Slik søkjer du:

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema for rehabiliteringsopphald finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Kva kostar det?

Kor kan du får meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å til ut søknaden? Ring oss på telefon: 53 42 34 70

Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk for å snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70

Til toppen