Krisesentertilbod for Bømlo kommune 

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.

Information in other languages: Languages - Dinutvei.no

Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter Vest 

Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
  • Vern, tryggleik, råd og rettleiing

Absolutt alle kan kontakta krisesenteret, kva tid som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med borna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnåpen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret 
  • Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakta senteret

Kontaktinformasjon til Krisesenter Vest

Døgnope telefonnummer: 

Telefon Stord - 53 41 12 12    Telefon Haugesund - 52 72 98 84

Epostadresse: post@krisesentervest.no

Nettside Krisesenter Vest

Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:

Infofilm fra Krisesentersekretariatet

VO-linjen - 116 066

Din utvei

Til toppen