Kommuneoverlege-smittevernlege
Testampull korona
(29.10.2020)

- Bømlo kommune har torsdag 29. oktober fått stadfesta eit tilfelle av Covid-19, knytt til Bømlo folkehøgskule. Smitteveg er kjent, og eleven har vore i karantene dei siste dagane. Det er få nærkontaktar, og desse er testa og isolerte, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Koronatest bil inne i vinduet
(27.10.2020)

Regjeringa har frå onsdag 28. oktober innført nye, tidsavgrensa innstrammingar for å avgrensa smittespreiinga. For at me skal unngå ytterlegare innstrammingar lokalt, er det avgjerande at fritidsaktivitetar vert gjennomført på ein forsvarleg måte og i tråd med gjeldande smittevernrettleiarar.

Kommuneoverlege i Bømlo
(27.10.2020)

- Det er ikkje snakk om eit smitteutbrot på Bømlo etter at ein praksiselev ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) testa positivt for covid19 på fredag. BBH vil ha innskjerpa besøkskontroll, men ikkje besøksforbod, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Stord sjukehus
(27.10.2020)

Leiinga i Helse Fonna stengde Stord sjukehus for besøkjande inntil vidare frå og med sundag 25. oktober 2020.

Halloween smittevern
(27.10.2020)

Halloweenfeiringa blir, som mange andre feiringar, noko annleis i år. Det er difor viktig å leggje til rette for at feiringa kan gjennomførast på ein smittevernvennleg måte. 

Datatilsynet
(26.10.2020)

Skjenke- og serveringstadar, institusjonar, verksemder, organisasjonar og andre som får besøk vert oppmoda om å føre lister med friviljug registrering av kontaktinformasjon til gjester. 

Koronavius
(26.10.2020)

Bømlo kommune følgjer råda frå Helsedirektoratet i kampen mot korona-pandemien. Alle som skal testast må først kontakta Koronatelefonen 53 42 30 01 for å verte registrert. Opningstida er måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30. NB: Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Inngang Bømlo helsehus
(25.10.2020)

Ein elev som har hatt praksis ved Bømlo bu-og helsesenter har testa positivt på Covid-19. Institusjonen er difor mellombels stengt for besøkjande, i første omgang ut måndag 26.10.2020.

Koronatest bil inne i vinduet
(19.10.2020)

- I går ettermiddag fekk me melding om at ein person har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene. Det er ingen risiko for smittespreiing, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. 

Øving smittesporing
(07.10.2020)

Bømlo kommune gjennomførte nyleg ei øving i smittesporing. - Me avdekka kva felt me må styrkja oss på og kor viktig det er med jamlege øvingar for å trena dei som ikkje sit med dette som jobb i kvardagen, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.

Flytskjema barn luftvegssymptom
(22.09.2020)

Folkehelseinstituttet har gitt ut rettleiing til foreldre, barnehagepersonell og lærarar om skule- og barnehagebarn med nyoppståtte luftvegssymptomer. Rettleiaren gjeld kva tid skal dei vere heime frå barnehage/skule, og når skal dei testast for covid-19.

Festbord
(18.09.2020)

Årets konfirmasjonsførebuingar og sjølve festdagen er annleis enn kva som har vore vanleg. Skal du ha konfirmasjonsfesten privat er det inntil 20 personar og ein meter mellom gjestene. I forsamlingslokale med ansvarleg arrangør kan det vere opptil 200 personar.

Smittevernlege Kjersti Follesø
(10.09.2020)

Ei rekke kommunar i Vestland har råda innbyggjarane frå å reise til Bergen. Helse Bergen presiserer at det er framleis trygt å vere pasient på sjukehusa i Bergen, og det er viktig at ein ikkje utset naudsynte kontrollar, utgreiingar eller behandlingar av frykt for smitte. - Bømlo vil oppmode sine innbyggjarar til å vurdere nøye om ei reise til Bergen er naudsynt, så lenge det er ein uavklart smittesituasjon, seier smittevernlege Kjersti Follesø.

Skjermbilde utanlandske turistar Covid-19
(07.09.2020)

Bømlo kommune får ei rad spørsmål om turistar som er på rorbuferie på Bømlo, ikkje minst utanlandske no når dei fleste land i Europa er raude. Smittevernreglane er klare, og både turistane sjølve og utleigarar har ansvar for at reglane vert fulgt.

Testampull korona
(04.09.2020)

Stord kommune meldar at ein elev ved idrettslinja ved Stord vidaregåande skule har testa positivt, og kommunen er i gang med smitteoppsporing. Dersom det er personar som er busett på Bømlo blant desse, vil også dei bli kontakta. 

Operatør koronatelefonen
(31.08.2020)

Eit nytt tilfelle med påvist Covid-19 vert meldt direkte til smittevernlegen i kommunen som tek meldinga vidare. Det vert og informert på heimesida til Bømlo kommune. Teieplikta set grenser for kva opplysningar som vert gitt.

Influensa
(31.08.2020)
Me går ein ny haust i møte. Det vert full aktivitet i barnehagar, skular og på ulike arbeidsplasser. Fritida vert nok påverka av ulike restriksjonar grunna Covid-19 pandemien.
 
Testutstyr korona
(25.08.2020)

- Me er ikkje kjend med at det skal vere registrert ny smitte av covid-19 i Bømlo kommune, seier kommuneoverlege/smittevernlege Kjersti Follesø. Det er i dag meldt om eit nytt smittetilfelle på Bømlo i andre media. 

Testampull korona
(21.08.2020)

Har du nyoppstått luftvegsinfeksjon, eller andre symptom på covid-19 må du kontakta koronatelefonen 53 42 30 01 for å få testa deg. Ha klart personnummeret ditt for å lette registreringsarbeidet. Du vert berre kontaka av helsepersonell i etterkant dersom prøven viser smitte med koronavirus.
Koronatelefon 0830-1430
(18.08.2020)

Bømlo kommune har eigen koronatelefon med nummer 53 42 30 01. Koronatelefonen har ope måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30. Men før du ringer – sjekk deg på www.koronasjekk.no NB: Ha personnummer klart for dei som skal testast.

Koronavius
(07.08.2020)

Smittetala aukar i fleire land i Europa, og regjeringa sine reiseråd endrar seg ofte.
For å kunne ha pandemien under kontroll må smittetilfelle lokalt oppdagast så tidleg som mogleg.
Bømlo kommune kjem derfor med nye råd til dei som har                                      vore på utanlandsreise.  

Koronavius
(03.08.2020)

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle av koronaviruset i Bømlo kommune i sommar. Det femte og sist registrerte smittetilfellet var 01. mai. Sjølv om me no har god kontroll lokalt, er dette noko som kan endre seg raskt. 

Smittevernlege Kjersti Follesø
(09.07.2020)

-  Når me no reiser meir på tvers av kommunegrenser, aukar risikoen for smittespreiing. Difor må me framleis halda på smittevernreglar om sosial avstand og god hygiene, oppmodar smittevernlege Kersti Follesø i Bømlo kommune.  

Smittevern koronatesting høgde
(09.07.2020)

Frå torsdag 2. juli kan du sjølv sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart. Helsepersonell får sjå svaret via kjernejournal.

Koronatesting BUS
(06.07.2020)

- Det er no kome svar på dei testane som blei tekne på fredag, og det er ingen som har testa positivt på Covid-19 til no. Det blir tekne nye prøver i dag, og me opplever at me har god kontroll på situasjonen, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Smittevernlege Kjersti Follesø
(03.07.2020)

- Ein person som har vore på Bømlo har fått stadfesta Covid-19. Det er ikkje kjend kor personen har blitt smitta, men det er mistanke om at det kan ha vore på Bømlo. Det tyder at det kan vere smitte i kommunen som ikkje er kjent, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 
Koronavius
(25.06.2020)

Nasjonale mynde har innført ei endring i Covid-19-forskrifta i høve karanteneplikta.

Naturfagsklasse
(28.05.2020)

I Bømlo held barne- og kombinertskulane fram med det skuletilbodet dei har hatt dei siste vekene, medan Bremnes ungdomsskule aukar skuleoppmøte frå neste veke av. 

 

 

Besøksreglar institusjonar
(28.05.2020)

Regjeringa har frå 27. mai 2020 oppheva besøksforbodet på institusjonane. Alle smittevernreglar må følgjast.

 
Kongleillustrasjon Alt blir bra
(18.05.2020)

Frå måndag 18. mai vil barnehagane i Bømlo kommune utvida opningstida til å halda ope frå kl. 07.30 til kl. 16.00.  

BUS -inngang nytt luftvegsmottak_lh.jpg
(11.05.2020)

Luftvegsmottaket for smittetesting er frå måndag 11. mai lokalisert til gamle BUS. Stor dugnadsinnsats frå dei tilsette ved luftvegsmottaket, vedlikehaldsavdelinga og IKT-avdelinga sørga for at flyttinga gjekk smertefritt fredag. Telefontid er 08.30-15.30 – telefonnr. 53 42 30 01.

Naturfagsklasse
(08.05.2020)

Måndag startar Bømlo kommune opp ei gradvis gjenopning av skulane for 5.-10. trinn. 10. trinn vil bli prioritert med fysiske skuledagar på ungdomstrinnet. Dei yngste elevane på 1.-4. trinn skal framleis gå kvar dag på skulen. Foreldre/føresette får detaljert informasjon som gjeld deira elev(ar) frå sin skule via Mobilskule.

(07.05.2020)

Regjeringa heldt torsdag 7. mai kl. 18.00 pressekonferanse der statsminister Erna Solberg sa at Norge skal vere heilt opna att etter koronakrisa 15. juni. Det skal skje gradvis i to etappar. Frå mandag 11. mai eller i løpet av neste veke skal alle skular vere opne.

Smittevern koronatesting høgde
(02.05.2020)

 Bømlo kommune har registrert sitt 5. tilfelle av Covid-19. Situasjonen er under kontroll.

Smittevernlege Kjersti Follesø
(30.04.2020)

- Det er lett å forstå at ein blir lei av å heile tida passe på, halde seg heime og halde avstand til andre. Når no fleire får treffast i samfunnet, vil risikoen for smittespreiing og auke. For dei fleste av oss vil smitte med Covid-19 ikkje vere så farleg, men for dei som er i risikogruppa kan det vere katastrofalt å bli smitta, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

2019-elevar og flaggborg Blia_sks.jpg
(30.04.2020)

Årets 17.-maifeiring og markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai vert annleis i år enn det me tradisjonelt er vant med. - Koronasituasjonen vil gjere feiringa i år meir dempa, men også i 2020 skal me feira Grunnlova, folkestyret, fred og fridom på ein minneverdig måte, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

 

Alt blir bra
(30.04.2020)

Opningstida i barnehagane fram til 15. mai vert frå klokka 08.00 – 15.30. Måndag 20. april opna alle barnehagane i Bømlo. Av smittevernomsyn kan ein framleis ikkje ha lengre opningstid enn 7,5 timar per dag, så lenge ein skal følgja smittevernrettleiaren for barnehage. Dei fleste barnehagane vil opna klokka 08.00 – 15.30.

 

Koronaklart klasserom
(22.04.2020)

Frå måndag 27. april opnar småskulen klassesteg 1.-4. og skulefritidsordninga (SFO). - Gjer me ein felles innsats der tilsette, elevar og foreldra følgjer smittevernreglane frå helsemyndigheitene vil me få til ei trygg og kontrollert gjenopning med redusert risiko for smittespreiing, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Regjering rundskriv covid-19
(21.04.2020)

Barnehagane er opna og hytteforbodet oppheva. Men det er framleis mange restriksjonar og tilrådingar som gjeld for å avgrensa koronapandemien. Helse- og omsorgsdepartementet har forfatta eit rundskriv for å gi ei samla oversikt over dei tiltaka som er sett i verk i samband med koronapandemien.

Fritidseigedomar - rorbuer
(17.04.2020)

Regjeringa opphevar frå måndag 20. april forbodet mot å overnatta på fritidseigedom utanfor eigen kommune som dei innførte 19. mars. Rådet om å unngå unødvendige fritidsreiser gjeld framleis. 

Skjermbilde udir barnehageopning foreldrefilm.png
(16.04.2020)

Måndag 20. april opnar alle barnehagane i Bømlo. Helsemyndigheitane vurderer at me no har kome til ein ny fase i koronapandemien og at det er trygt å opna barnehagar igjen.

Korona-avlysing krisepakke
(15.04.2020)

Søknadsfristen for friviljuge lag og organisasjonar å søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement er 21. april.

hillestveit skule ny leikeareal_sks.jpg
(14.04.2020)

Oppdatert informasjon om tilbod til barn på skulen/barnehagen i perioden 14.-26. april 2020.

Av og Til
(11.04.2020)

Koronakrisa krev mykje av oss, og det kan vere vanskeleg å halde fast på vanar og rutinar i ei ny og usikker tid. Likevel er det mykje helse i å gjere nettopp det. 

Ordførar Olsen og rådmann Løklingholm
(08.04.2020)

Ordførar Sammy Olsen og rådmann Aud Gunn Løklingholm i Bømlo kommune helsar alle innbyggjarane ei god om annleis påskefeiring. Dei takkar for fellesinnsatsen mot koronapandemien, men understrekar på det sterkaste at me må ikkje sleppe opp no. Kampen er ikkje over - så følg råd og retningslinjer frå nasjonale mynde.

Første KST-fjernmøte Teams
(07.04.2020)

Måndag 6. april 2020 gjennomførte Bømlo kommunestyre sitt første fjernmøte via Teams. Det vart gjort tilgjengeleg for presse og publikum gjennom kommunen sitt nett-tv.

 

Falske nyhende skjermdump
(07.04.2020)
Falske nyhende kan i verste fall føre til mistillit mellom styresmaktene og innbyggjarane, med fare for at folk handlar i strid med viktige råd og retningslinjer knytt til Covid-19-krisa. DSB har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter".

 

NIF Vestland logo
(04.04.2020)

På grunn av koronasituasjonen vidareformidlar Bømlo kommune ei melding frå Noregs idrettsforbund.

Sammy Olsen utan kjede_sks.jpg
(04.04.2020)

Kjære hyttebuarar og ferierande,

Smittevern testing breidde
(03.04.2020)

Torsdag ettermiddag fekk Bømlo kommune konstatert sitt fjerde tilfelle av ein person sjuk med Covid-19. 

Bremnes legesenter stengd dør
(03.04.2020)

Grunna smittefaren ved korona-viruset er det endra rutinar ved alle legekontora i kommunen. Det betyr mellom anna at dørene blir stengde. Men det er framleis høve og trygt å kontakta fastlegen di for anna enn koronarelaterte saker.

Påskekyllingstudent hos mor og far
(03.04.2020)

Mange ynskjer å tilbringa påskeferien med å besøkja familie og venner. Dette er ikkje forbode – men hugs at koronapandemien ikkje tek ferie. I desse tider vil reising innanlands kunne medføra mange nye smittetilfelle – noko ingen ynskjer. 

Videomosaikk Me er ei verd
(31.03.2020)

Bremnes kantori og Bømlo Gospel sin planlagde konsert for Fasteaksjonen 2020 vart avlyst grunna koronapandemien. Men driftige folk i kor og studio, inkludert ordførar Sammy Olsen, har resultert i ei fantastisk konsertoppleving i digitalversjon.

Smittevern koronatesting høgde
(31.03.2020)

- Bømlo kommune har no tre stadfesta tilfelle av Covid-19-sjuke. Det siste tilfelle har ingen kjent relasjon til dei to første, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.

Barnehagar - nytt toppbilde
(28.03.2020)

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skular og barnehagar gjev dispensasjon for born og unge med særskilde omsorgsbehov, og barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdskritisk oppgåve. Dette gjeld i den perioden barnehagar og/eller skular er stengde. 

Erna Solberg og Bent Høie
(25.03.2020)

Regjeringa viderefører alle tiltaka som er sett i verk i kampen mot utbrotet av koronavirus i Norge fram til over påske, til og med 13. april.

Fritidseigedomar - rorbuer
(24.03.2020)

Bømlo kommune har motteke fleire spørsmål om korleis ein stiller seg til det å melda flytting til fritidsbustaden sin. I hovudsak skal det ikkje meldast flytting dersom ein skal ha busetjing mindre enn 6 månadar. Merk at ein fritidsbustad ikkje kan brukast som bustad utan at denne er godkjent bruksendra til bustad. Dette krev særskilt løyve. 

Økonomisjef Jarle P. Nakken
(24.03.2020)

- Kommunen ser at deler av næringslivet i kommunen er inne i ei krevjande tid med stenging, redusert omsetnad og permittering av arbeidsstokken grunna Regjeringa sine innstramingstilak. Difor set me i verk einskilde tiltak i samband med innkrevjing av eigedomsskatten, opplyser økonomisjef Jarle Nakken i Bømlo kommune.

Skjermbilde Follesøvideo 23.3.2020
(24.03.2020)

- Me må framleis lojalt følgja opp påbod og reglar for å kjempa mot koronaviruset. Slappar me av no vil me oppleva ei auke i smittetala, åtvarar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Influensa
(23.03.2020)

Har du hoste, feber, tung pust eller andre luftvegsinfeksjonssymptom som kan skuldast koronavirus? No har Folkehelseinstituttet og Helsenorge lansert ei sjølvrapporteringsløysing for å få hjelp frå publikum til å få oversikt over situasjonen i Norge.

 

 

 

Smittemottaksdør Bremnes
(21.03.2020)

Bømlo har no to registrerte tilfeller av Covid-19 - koronasjuke. Tilfelle nr 2 har relasjon til tilfelle nr 1, og har vore isolert. Det første tilfellet vart stadfesta onsdag, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Hjelpetelefonen snakk med oss
(21.03.2020)

Bømlo kommune har oppretta ein eigen hjelpetelefon med lokale fagfolk som kan yte psykososial omsorg – SNAKK MED OSS - 917 54 286. Telefonen er open kvardagar mellom kl. 09.00-15.00.I tillegg finst det mange andre nasjonale hjelpetelefonar ein kan ta kontakt med.

Sammy Olsen utan kjede_sks.jpg
(20.03.2020)

– No er me i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda held stengt og dagleglivet endrast drastisk. Me blir tvunge til å vere heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før vil få det enda vanskelegare no. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få, seier ordførar Sammy Olsen i Bømlo kommune.

Fritidseigedomar - rorbuer
(20.03.2020)

Bømlo kommune får mange spørsmål frå folk om det er greitt at dei oppheld seg på hyttene sine i Bømlo kommune. Om ettermiddagen torsdag 19. mars vedtok regjeringa å innføra forbod mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen kommune. 

Smittemottaksdør Bremnes
(19.03.2020)

- Onsdag 18. mars fekk me svar på ein prøve som testa positivt på Covid-19-viruset, stadfestar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. Dette er det første tilfellet av koronasmitte registrert i kommunen.

Hilde Markhus
(19.03.2020)

Heimetenestene på Bømlo tek risiko for smittespreiing mellom brukarane våre, tilsette og befolkninga på Bømlo elles på høgaste alvor. 

Ei hand å halda i
(17.03.2020)

I samråd med kommuneleiinga stoppar Barne- og familietenesta alle tiltak som støttekontakt og besøksheim/avlastningsheim i denne fasen, for å avgrense smitteomfang og kontakt som ikkje er absolutt naudsynte.  

Handhygiene
(17.03.2020)

Helsedirektoratet har vedteke omfattande tiltak for å hindra spreiing av Covid-19 (koronaviruset) og for å bidra til å oppretthalda nødvendige helse- og omsorgstenester. Bømlo kommune føl statlege vedtak, og har ikkje kommunale vedtak for innbyggjarane i tillegg. 

Helsesjukepleiar med nyfødd til kontroll
(16.03.2020)

- Helsestasjonen på Bremnes, Moster og Langevåg er nødt til å redusera antal besøkjande på helsestasjonen i tråd med nasjonale råd om å redusers smitterisiko og hindre spreiing av koronaviruset. Du vil få melding om avlysingar og endringar av timar på sms eller per telefon, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr.

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund
(16.03.2020)

- Skulane i Bømlo skal strekkje seg så langt som mogleg for å leggje til rette for at elevane kan gjere skulearbeid heime. Me veit at dette kan vere krevjande for dykk heime slik situasjonen er no, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Men fortvil ikkje.

Smittevernlege og ordførar
(16.03.2020)

- Alle skal avgrense samvære med andre enn husstandsmedlemmer så mykje som mogleg. Om folk ikkje føl desse råda klarar me ikkje å stoppa korona-smitta. Syn ansvar og omtanke – det er snakk om å redda liv, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Barnehagar - nytt toppbilde
(13.03.2020)

Bømlo kommune viser til nasjonale myndigheter og deira råd når det gjeld barn og unge som no er heime frå skule og barnehage.

Felles legevaktnummer_croppa
(13.03.2020)

Helsedirektoratet har fått fleire uromeldingar frå legevaktsentralar i heile landet om svært stor pågang frå publikum om Korona-smitte. På tross av monaleg auke i kapasiteten for å svara på desse henvendingane er det rapportert om lang svartid til legevakt telefon 116 117. 

Kommunal leiing korona
(12.03.2020)

Stenging av skular, barnehagar, symjehallen, kulturhus, bibliotek og rådhuset er blant tiltaka Bømlo kommune innfører i kampen mot smittespreiing av korona-viruset. Ordførar, rådmann og smittevernlege oppmodar alle til å lojalt følgje opp restriksjonar og råd som vert gitt i denne vanskelege situasjonen.

Kamp mot koronasmitte
(11.03.2020)

- Koronaepidemien vil snart råka oss på Bømlo også. Me førebur oss no på strenge prioriteringar innan helsevesenet, som sjølv kan bli hardt råka. Difor inviterer me no publikum til ein helsedugnad for å avlasta helsetenestene til det verste roar seg.

(09.03.2020)

Landet er no i ein fase der vi må førebu oss på at mange kan blir sjuke på same tid. 

(06.03.2020)

- Heimekarantene MÅ overhaldast, understrektar direktør Bjørn Guldvog i Helsedirketoratet.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering