Bli med på helsedugnad mot koronasmitten

Anne Marit Særsten Halvorsen lege (t.v), verksemdsleiar Hilde Markhus og smittevernlege Kjersti Helen Follesø førebur kampen mot koronasmitte. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Koronaepidemien vil snart råka oss på Bømlo også. Me førebur oss no på strenge prioriteringar innan helsevesenet, som sjølv kan bli hardt råka. Difor inviterer me no publikum til ein helsedugnad for å avlasta helsetenestene til det verste roar seg.

Smittevernlege Kjersti Follesø, fastlege Anne Marit Særsten Halvorsen og verksemdleiar Hilde Markhus i Bømlo heimeteneste har det travelt. Dei forventar eit sterkt press på helsetenestene i kommunen når me no mest sannsynleg får ukontrollert smitte av korona.

 

Med fare for at mange innan helsevesenet også vert sjuke eller sett i karantene og mange innan heimetenestene må trå til på institusjonane, ynskjer kommunen å invitere til helsedugnad. Her kan pårørande og friviljuge trø til der det vil vere forsvarleg for ein gitt periode.

 

- Folk skal få den pleie og hjelp dei treng, men mindre presserande oppgåver som kan utsetjast vil bli prioritert vekk for å ta hand om dei som vert råka av epidemien, understrekar Markhus.

 

Det er her pårørande og friviljuge som har høve kan hjelpe til med enklare oppgåver i dei heimebaserte tenestene sidan helsepersonell vil vere opptekne av dei råka, eller kanskje vere i karantene sjølv. Det kan vere oppgåver lågterskeltilbodet vanlegvis gjer, som til dømes matombringing, støvsuging, enkelt stell  som drypping av augedropar eller ta på støttesokkar.–

 

Ta vare på kvarandre

Tillitsvald og fastlege Anne Marit Særsten Halvorsen fortel om fastlegar som for tida er under stort press. Ho ber om at pårørande som har høve til det tek vare på sine eigne i denne tida.

 

- Kan du utsetje rutineundersøkingar og andre ærend til fastlegen som ikkje er alvorleg, så vent, seier Halvorsen.

 

- Det handlar om å verna dei svake og utsette frå å bli smitta, og ha kapasitet til å ta hand om dei som vert  sjuke. Får me folk med på ein helsedugnad der dei tek vare på sine eigne, samstundes som publikum lojalt følger råda frå helsemynde vil me få gjort mykje, meiner smittevernlege Kjersti Follesø.

 

Dei tre minnar samstundes  om at alle framleis må ha stort fokus på god handvask og hostekultur. 

 

Fortløpande oppdateringar

Kommunen si informasjonsside om koronasmitte vert fortløpande oppdatert med råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, samt tiltak kommunen sjølv set i verk. Me oppmodar sterkt innbyggjarane våre til å følge og vere lojale mot dei råd som vert gjort og dei restriksjonar kommunen vurderar som naudsynte.

 

Har du spørsmål, ring informasjonstelefonen for koronavirus 815 55 015

 

NB: Ikkje ring fastlegen, legevakta eller naudnummeret 113 for generell informasjon. 

Sist endra 20.03.2020 14:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
Nyttige lenker (1)
Viktig informasjon (1)
 
Login for redigering