Bømlo koronatelefon

Koronatelefon 0830-1430 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har eigen koronatelefon med nummer 53 42 30 01. Koronatelefonen har ope kvardagar kl. 08.30-14.30. Men før du ringer – sjekk deg på www.koronasjekk.no

Lege og sjukepleiar i smittevernutstyr. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

PS: Nye opningstider på Bømlo koronatelefon 53 42 30 01 er frå måndag 20. april kvardagar kl. 8.30 -14.30.

 

Eige mottak

På dagtid har me oppretta eit eige mottak for luftvegsplagar i tilpassa rom i Samlingsbygget bak Bømlo Helsehus for dei som skal sjekkast. Personar som har spørsmål om korona kan ringje telefonen alle dagar mellom kl. 09.00-15.00. 

 

Denne telefonen vert handtert av helsepersonell, og vil gje deg god rettleiing, og vurdere behov for testing og eventuelt vidare konsultasjon med fastlege.

 

Om du av ulike grunnar ikkje kan nytte deg av telefonkonsultasjon, ber me deg bestille videokonsultasjon med legen din. Dette kan du bestille skriftleg til legen din via ID innlogging på www.helsenorge.no

 

Det er viktig å presisere at de ikkje må møte opp på legesenteret – men ringje fyrst.


Dei vanlege kontakttelefonane vert framleis ordinært bemanna:

Telefonnummer til legekontor/fastlegar
 
Bremnes legesenter  53 42 33 11
Moster legekontor  53 42 33 80
Bømlo legekontor (Langevåg)  53 42 33 70
Kystlegane  53 42 56 10
Legevaktsentralen     116 117
Ved akutte situasjonar        113

Koronatelefon Bømlo for luftvegsplager og spørsmål
Kvardagar kl. 08.30-14.30  

 53 42 30 01
Folkehelseinstituttet sin korona-telefon: 815 55 015 for alle som vil ha informasjon om korona-viruset.


Endrar rutinar på alle legekontora - stengde dører

I samband med koronapandemien har legekontora låst dør, men fastlegane er framleis tilgjengelege. Me vil unngå smitte på legekontora. Av den grunn blir alle med luftvegssymptom som treng legehjelp vist til eige mottak, for å verna dei andre pasientane for smitterisiko. Det er difor trygt å koma til fastlegen, men du må ha avtale på førehand.

 
Dersom du treng kontroll for kronisk sjukdom, eller har symptom som bør vurderast av lege, skal du kontakta fastlegekontoret på telefon eller via elektronisk bestilling: Helsenorge.no for dei kommunale kontora - Helserespons.no for Kystlegane. Legen din kan då vurdera om du bør koma på time eller følgjast opp på annan måte.
  • Alle legekontora på Bømlo vil inntil vidare ha stengt dør.
  • Dersom du meinar du treng legehjelp, ring kontora for å avtala om du skal møte for legekonsultasjon, telefonkonsultasjon, e-konsultasjon (helsenorge.no) eller videokonsultasjon for dei legane som har det (https://Confrere.com/no)
  • Dei som får beskjed om å møta skal venta i bilen på beskjed om at legen er klar til å sleppa dei inn
  • Legekontoret på Langevåg vert stengt inntil vidare. Pasientar tilhøyrande det legekontor får svar på telefon der måndag, onsdag og fredag, men dersom frammøte er naudsynt etter ein legevurdering, får dei tildelt time ved Bremnes legesenter.
 
 
Sist endra 20.04.2020 09:42
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
90 96 17 02
Mobil:
909 61 702
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering