- Det er hjelp å få

Portrett av Sammy Olsen utan ordførarkjede. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

– No er me i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda held stengt og dagleglivet endrast drastisk. Me blir tvunge til å vere heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før vil få det enda vanskelegare no. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få, seier ordførar Sammy Olsen i Bømlo kommune.

Ei hjelpande hand - Klikk for stort bilete

Her er ein oversikt over telefon- og chattetenestar som held ope for deg som treng nokon å snakka med om rus og psykisk helse.

 

Til deg som er ung

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon du stoler på. Sjølv om skulen held stengt, så er læraren din fortsatt på jobb og tilgjengeleg for deg. 
 
I tillegg finnes det fleire moglegheiter til deg som treng nokon å snakke eller chatte med. Me har samla nokon her: 
 
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er eit naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan og ringe dersom du er uroa for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og held døgnopent i samband med korona-situasjonen. 
 
BaRsnakk
Eit chattetilbod til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag frå 17.00-20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptar deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukarar. 
 
Kors på halsen
Eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velgje om du vil ringe, chatte, eller sende mail. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan og snakke med andre på din alder på forumet. 
 
SnakkOmPsyken.no
Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00-21.00, fredag frå 09.00-15.00, og søndag frå 15.00-21.00.
 
UngPrat.no
Samtaleteneste til born og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er opent søndag – fredag 09:00-21:00. 
 
• Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte - 800 57 000
Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte er eit døgnope, landsdekkjande gratis tilbod til seksuelt misbrukte born og vaksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Hjelpeapparatet kan også ringa denne telefontenesta for råd og rettleiing. Hjelpetelefonen er døgnopen alle dagar i året. webside: https://hfsm.no/
 

Til deg som er uroa for eit barn

Når samfunnet stenger ned mister borna våre kontakt med nettverket sitt i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ein oversikt over kan gå for å få råd og rettleiing:
 
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er det nasjonale nødnummeret for born og unge. Vaksne som er uroa for eit born kan ringe alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell og held døgnope i samband med korona-situasjonen.
 
Vaksne for Barn
Tilbyr ei rådgivingsteneste for deg med spørsmål om born og unge kor du kan sende inn spørsmål skriftleg og få svar frå ein fagperson. 
 
Barnevernet.no
Tilsette i Barnevern er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisen, for å sikre dei mest utsette borna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernsvakter og barneverntenester i alle kommunar og korleis du melder din bekymring til barnevernet.
 
Barnevernet sin mottakstelefon i Bømlo:  975 521 63
Open vekedagar (måndag-fredag) 08.30-14.00
Beredskapsvakt for barnevern i Bømlo: 919 144 30
Beredskapsvakta kan kontaktast ved akutte hendingar,
er open kvardagar 15.30-08.00 og heile døgnet helg- og heilagdagar.
 
 

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for born og vaksne. Dersom du syns det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller trenger hjelp for å være ein god forelder, er det fleire gode tilbod til deg. 
 
Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123
Hjelpetelefonen er Mental Helse si gratis døgnopne telefonteneste for alle som treng nokon å snakka med. Du kan være anonym og dei har teieplikt. Dei har og ein chat på sidetmedord.no.
 
Kirkens SOS 
Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakka med nokon enten på telefon, på melding eller chatte. Her kan ein ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er opent kvardagar kl. 18.30 – 22.30 og det er heilt anonymt.
 
Foreldresupport 
Foreldresupport er ei døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Den blir drifta av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2). 
 
Vald- og overgrepslinja 116 006
Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er uroa for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.  
 
Anonyme Alkoholikarar (AA) 
Anonyme Alkoholikarar er eit fellesskap av kvinner og menn som deler sin erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sitt felles problem og hjelpe andre å friskna til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770, opent måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00) 
 
Rådgjevingstelefon for pårørande
Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og rus. Dei tilbyr rådgjeving om pårørande sine rettar og behov, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no. Dei har og ein chat for unge: http://piosenteret.no/pio-ung/chat.html 
 
• Ifengsel.no
Ifengsel.no er en chattjeneste for deg som har ei mamma eller ein pappa i fengsel, er voksen pårørande, eller kjenner nokon som har ein forelder i fengsel. Her kan du snakka med oss om fengsel, korleis du har det eller ting du tenkjer på eller lurar på kring dette. Me har ope kvar onsdag og fredag frå klokka 15.00 til 22.00. Utvida opningstid kvar tysdag og torsdag klokka 10.00 til 15.00.
Sist endra 24.04.2020 17:24
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering