Første fjernmøte for kommunestyret

Måndag 6. april 2020 gjennomførte Bømlo kommunestyre sitt første fjernmøte via Teams. Det vart gjort tilgjengeleg for presse og publikum gjennom kommunen sitt nett-tv.

 

Skjermdump første fjernmøte frå kommunestyret via Teams. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Det starta litt famlande med noko teknisk plunder, men ca. 20 minutter etter oppsatt møtestart var samtlege kommunestyrerepresentantar kopla opp. Ordførar Sammy Olsen og formannskapssekretær Jorunn Steinsvåg leia møtet frå formannskapssalen.

 

Mellom sakene var tilsetjing av ny rådmann, som no får tittelen kommunedirektør. 

 

Sjå sakslista/møteprotokoll her

 

Ordinær saksliste vart gjennomført. Møtet varte ca. fire timar i strekk. Kommunestyrerepresentantane tok utfordringa på strak arm. Alt i alt må ein kunne seie at det var ein godkjend debut. Alle utvalsmøter vil inntil vidare gå etter oppsatt møteplan og gjennomført på same måte med streaming via kommune-tv.

 

Her kan du sjå kommunestyremøte frå 6.4.2020

Sist endra 07.04.2020 16:31
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering