Fredag 6.3.2020: DSB om kritiske funksjonar ved høgt personellfråver

Landet er no i ein fase der vi må førebu oss på at mange kan blir sjuke på same tid. 

Det vil utfordre kapasiteten i mange typar verksemder, og kan potensielt ha store konsekvensar for samfunnet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har publisert ein «Veileder i kontinuitetsplanlegging», som gjev råd om korleis ein kan oppretthalde kritiske funksjonar ved høgt personellfråver, som ei hjelp for private og offentlege verksemder.

Alle fire bømlingar som den siste tida er blitt testa for koronasmitte hadde negative prøvar. Det er heller ingen i karantene.
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 11.03.2020
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering