Gjenopnar 1.-4. klasse og SFO

Frå måndag 27. april opnar småskulen klassesteg 1.-4. og skulefritidsordninga (SFO). - Gjer me ein felles innsats der tilsette, elevar og foreldra følgjer smittevernreglane frå helsemyndigheitene vil me få til ei trygg og kontrollert gjenopning med redusert risiko for smittespreiing, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Klasserommet til 2A er klargjort i tråd med smittevernreglar. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Noreg har klart å redusere smittespreiinga av koronavirus gjennom ein felles dugnad der alle bidreg. Mange born og vaksne er glade for at skulane og SFO no skal opne att, men nokre kan også vere bekymra for smitte. Fleire har nok kjent på at dei er trygge for smitte i eigen heim. No utvidar me heimesona og lager ein trygg nærmiljøsone for elevane. Skulane innfører ei rekkje smitteverntiltak for å redusera risikoen for smittespreiing, og foreldre og elevar bidreg ved å følgje råda frå helsemyndigheitene.
 
 

Saman gjer me det trygt å vere på skulen

- Helsemyndigheitene vurderer at me i Noreg no har kome til ein ny fase i koronapandemien og at det er trygt å opne fleire tilbod for dei minste ungane, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Follesø syner til at både nasjonale og lokale helsemyndigheiter tilrår gjenopning fordi fleire store studiar viser at få born blir alvorleg sjuke av det nye koronaviruset, og at born i mindre grad fører smitta vidare til andre. Det har ikkje vore større utbrot av smitte blant born i land som har halde barnehagar og skular opne. Born har ofte milde symptom, og då er det mindre risiko for å smitte andre. 

 

- Basert på kunnskapen me no har, veit me at einskilde born kan bli smitta, men med naudsynte smitteverntiltak forventar me at smittespreiinga vil bli avgrensa, seier Follesø.

 
Dette må du gjere 
• Hald barnet heime ved teikn til sjukdom - det viktigaste smitteverntiltaket for å unngå smitte på skulen.
Viss tilsette vurderer at eleven viser teikn til sjukdom, må føresette hente eleven så raskt det let seg gjere. 
Viss ein annan i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, kan barnet møte på skulen som normalt. 
Viss ein i husstanden har fått påvist covid-19, skal alle nærkontaktar haldast i karantene. Ingen personar som sjølv er i karantene, kan møte på skulen – dette gjeld også for elevar. 
Elevar og tilsette med typiske symptom på pollenallergi kan møte på skulen. Også friske barn som til vanleg kan ha rennande nase utan andre symptom på luftvegsinfeksjon, kan møte på skulen. 
 

Førebu barnet ditt 

- Dagane på skulen og i SFO blir annleis både for elevane og dei vaksne som jobbar der. Personalet på skulen skal framleis ivareta eleven sitt behov for kontakt og omsorg, samstundes som naudsynte smitteverntiltak blir gjennomført. Du kan hjelpe barnet ditt ved å førebu det på dei nye rutinane, påpeikar kommunalsjef Bjørklund.
 
Nokre av dei nye rutinane er mykje handvask i tida framover, å ha  god hoste- og nysehygiene, og at fleire aktivitetar vil føregå ute i faste grupper som blir følgt opp av faste tilsette. Det vil vere eigne reglar for skuleskyss.
 

Særskilte reglar for risikogruppene 

- Dei aller fleste born på 1.-4. trinn med kroniske sjukdomar bør gå på skulen, seier smittevernlege Follesø. 
 
Dersom føresette sjølv er i risikogruppe kan lege kontaktast for å vurdere om det er behov for tilrettelagt tilbod for barnet for å redusere smitterisikoen i heimen. I dialog med dykk i heimen kan det då vere aktuelt å avtale eit delt tilbod mellom oppmøte på skulen og fjernundervisning, eller berre fjernundervisning. Barnet sitt beste skal tilleggjast vekt ved slike vurderingar. 
 
Me ynskjer dykk velkomne attende til skulen!
 

Meir informasjon 

Rektor vil sende ut meir detaljert informasjon via Mobilskule. 
• Har du spørsmål om smitteverntiltak eller andre praktiske ting vedrørande oppstart på skulen, ta kontakt med rektor.   
• Du finn også meir informasjon om koronavirus på www.helsenorge.no og www.fhi.no 
 
 
Sist endra 23.04.2020 13:01
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering